Prosessen bak høyringsforslag

Fiskerireguleringar blir endra både fort og ofte. Slik må det vera i ei næring som er så avhengig av skiftande naturlege tilhøve.

Alle forstår at fiskeriregelverket må justerast av og til, men det må skje etter gode prosessar. Ofte er det kryssande omsyn, mellom grundigheit og effektivitet/tid.

Sist fredag, 10. mars, ettermiddag sendte Fiskeridirektoratet ei sak på høyring. Høyringsbrevet er på ei halv sida, og er kanskje ei av dei kortaste i historia.

I høyringsbrevet blir det spurt om fartøy med avgrensa nordsjøtrålløyve, som fiskar etter sei i Nordsjøen og Skagerrak, skal kunne fiska seien direkte. Dette i motsetnad til i dag, der seien berre kan takast som bifangst. Det har vanlegvis vore lov å ha inntil 30 % sei som bifangst i anna fiskeri.

I høyringa er fristen var satt til tysdag 14. mars. Dvs. ein frist på mindre enn fem dagar, og to av desse dagane var i helga. Dette er ein uvanleg kort svarfrist. Når fristen først var satt så kort skal direktoratet skal ha skryt for at dei ringte, og forsikra seg om at me var merksame på høyringa.

Historisk har denne gruppa visstnok lov til å ha så stor bifangstprosent for å kunne driva anna fiskeri lovleg. Dette fordi det er vanskeleg å driva enkelte fiskeri utan å få sei som bifangst.

At det er vanskeleg å unngå bifangst er tydeleg. Same dag som saka blei sendt på høyring vedtok Fiskeridirektoratet ei forskrift (J-43-2017: Forskrift om regulering av fisket etter sei i Nordsjøen og Skagerrak i 2017) der direktoratet aukar lovleg bifangst til 40 %.

Pelagisk Forening har stor forståing for at det kan vera naudsynt med korte høyringsfristar i fiskeri. Pelagisk Forening har vanskeleg for å sjå at kort høyringsfrist er naudsynt i denne saka.

Frå næringa høyrer ein ofte ønske om «stabile rammevilkår.» Dette blir òg nemnt i Eidesenutvalet sin rapport, NOU 2016:26 «En viktig forutsetning for et godt kvotesystem er stabilitet og forutsigbarhet.» Dei fleste i næringa er samde i det. Nemnte høyring tek nok ikkje vare på omsynet til stabilitet.

Vanlegvis har gruppa avgrensa nordsjøtrål fiska opp sin gruppekvote, og vel så det. Omsynet til å få denne seien på land, kan såleis vanskeleg vera årsaka. Kanskje er det meir eit spørsmål om korleis, og kven, som skal fiska denne seien?

For gruppa avgrensa nordsjøtrål har myndigheitene altså auka bifangsprosenten frå 30 til 40 %. Samstundes foreslår direktoratet at gruppa skal kunne fiska sin kvote direkte. Det blir sjølvsagt ikkje meir sei i havet av slike forskriftsendringar. Om forslaget blir vedtatt vil truleg konsekvensane bli at direktoratet må stoppa fisket når gruppekvoten er oppfiska, eller at gruppa må få sei frå andre grupper sine kvotar. Begge deler kan bli dyrt for andre.

Den korte høyringsfristen er ikkje det einaste problemet her. I høyringar er det vanleg at myndigheitene gjer greie for konsekvensane av sine høyringsforslag. Det er heller ikkje uvanleg at myndigheitene grunngjev kvifor dei ønskjer å endra ei forskrift. Slik er det ikkje denne gangen. Kvifor Fiskeridirektoratet og/eller Nærings- og Fiskeridepartementet har hatt det så travelt at dei ikkje kan eller vil grunngje forslaget veit me ikkje, men me ønskjer grundigare høyringsprosessar.

Pelagisk Forening ønskjer òg at næringa har stabile rammevilkår.