Kvotefordelinger Nvg og torsk

No er det slik at ved minkande norsk TAC for torsk og sild vil enkelte grupper få ein mindre prosentvis nedgang. Tilsvarande vil dei få ein mindre prosentvis auke ved auking av norsk TAC. Ofte kalla dynamisk kvotefordelingsnøklar. Denne fordelingsmåten har vore praksis i mange år.
I vedtaking av kvotemeldinga bestemte Stortinget å fjerna trålstigen (torsk) og sildestigen. Vedtaket er binande for NFD og Fiskeridirektoratet. Det er berre Stortinget som kan endra dette.
Ny kvotefordeling er:
• trål skal ha 32 pst. av disponibel kvote av torsk, og 10 pst. av sild.
• Fartøy som fiskar med konvensjonelle reiskap skal ha 68 pst. av disponibel kvote torsk, og 41 pst. av sild.
• Ringnot skal ha 49 pst. av disponibel kvote av sild.


Som følge av forslaget om ein fordeling på 32/68 for torsk fatta Stortinget likevel følgande vedtak: "Stortinget ber regjeringen sørge for at fordelingen av kvoter mellom flåtegruppene ikke endres vesentlig."


«For å unngå at fastsettelsen av en fast prosentandel av nasjonal kvote til åpen gruppe (6,12%) ikke medfører en vesentlig endring av fordeling av kvoter mellom flåtegrupper» er organisasjonane ber myndigheitene om innspel «om hvilke kompenserende tiltak som kan være aktuelle og omfanget av disse.»»
Dersom du har innspel så ta gjerne kontakt med sekretariatet, og helst innan onsdag. 18. november.

Nærings- og fiskeridepartementet har bede Fiskeridirektoratet om at direktoratet «inkluderer» (les bestemt) at torskekvoten til open gruppe skal frå 2021 takast frå toppen før fordeling mellom konvensjonell og trål. Open gruppe skal ha ein fast del på 6.12%.

Rekrutteringsordningar:
Frå 2021 blir det innført eit alderstillegg i open gruppe som føreslått i kvotemeldinga. Det vil bli gjeve eit kvotetillegg i open gruppe til alle fartøy eigd av fiskarar under 30 år. Dette tillegget skal takast frå open gruppa, og altså ikkje «frå toppen».
Neste år aukar norsk TAC, for torsk, med 20 %. Dette alderstillegget er aleine nok til at dei andre fiskarar i open gruppa får mindre kvote i 2021 enn kva dei har i år.


Frå 2022 kjem det ei ny rekrutteringsordning som kjem i tillegg til alderstillegget. Detaljane er ikkje klare.
Det er fiskarar som har fått rekrutteringskvotar under tidlegare ordning. Ny ordning gjer ikkje at desse mister desse rekrutteringskvotane.
Direktoratet opplyser at dei ikkje er kjent med at del vil bli delt ut rekrutteringskvote etter «gamal ordning» i 2021.

Kystfiskekvoten skal utgjera 0,9 pst. av nasjonal kvote for torsk. Dvs. at denne kvoten blir tatt «frå toppen» før fordeling til andre grupper.
Avsetningane til forsking, ungdomsfiske,rekreasjonsfiske,turistfiske, kystfiskekvote, levendelagring og eksisterande rekrutteringskvotar skal framleis takast «frå toppen».

Nærings- og fiskeridepartementet har bede Fiskeridirektoratet om å vurdere føljande tiltak i samband med reguleringane for 2021:
• redusere kystfisket om hausten
• stenge område i tidsrom der det vanlegvis blir fiska mye kysttorsk
• strengare reglar innanfor fjordlinjer.

Det er òg dei som jobbar for at direktoratet skal mista retten til å gje dispensasjonar frå fiskeforbod innanfor fjordlinjene NVG i den austlege delen av NØS, og ved Svalbard.
I dei sesongane det blir rekna som «biologisk forsvarlig åpnes det for et tidsavgrenset fiske av nvg-sild i dette området.» Elles er det generelt forbod mot slikt fiske i desse områda.