Rapporteringsrutinar og regelverk knytt til ERS

Følgende brev er sendt til Fiskeridirektoratet:

I styremøte 25. mars 2020 vedtok styret i Pelagisk Forening å oppmoda Fiskeridirektoratet om å sjå på rapporteringsrutinar og regelverket knytt til ERS på nytt.

Det er fortsett slik at ein lyt sende både e-post, og rapportera i ERS ved passering av sjekkpunkt i EU-sona. (Pelagisk Forening reknar med at dette er/blir vidareført etter at Brexit er fullt gjennomført.) Medlemmar melder at desse e-postane synest òg å vera knytt til subjektive informasjonsbehov til vakthavande på FMC Scotland.

For Pelagisk Forening synest dette å vera ikkje-naudsynt dobbeltrapportering, og spør kvifor skal dette være slik? Pelagisk Forening er ber òg om å få opplyst om krava er i samsvar med ERS avtalen mellom Noreg og EU (UK).

Ved fiske i NEAFC skal det sendast fangstmelding til NEAFC kvar dag. Dette i tillegg til vanleg DCA-melding, som er det vanlege i alle soner der våre medlemmar driv fiskeri. Kva er grunngjevinga for denne dobbeltrapporteringa? Det å skulle føre to fangstrekneskap med CAT melding kl. 12.00, og DCA melding kl. 24.00 ved fiske i NEAFC, er eit kompliserande ledd som medfører fare for feilrapportering.

Etter kva Pelagisk Forening forstår er Noreg/ norsk FMC sekretariat for informasjonsflyten av rapportar frå norsk flåte til NEAFC. Her har den såkalla harmoniseringa av rapporteringsregelverk, som fiskarane blei lova ved innføring av ERS, stoppa opp. Dagleg fangstmelding (CAT) er ei leivning frå ei anna tid som enkelt burde kunne implementerast i DCA.

Pelagisk Forening ber om at direktoratet stadfestar, eller avkreftar, om rapporteringskrava er slik våre medlemmar oppfattar det.

Dersom krava er sik Pelagisk Forening oppfattar det, ber me om at det blir opplyst om, og kva, Fiskeridirektoratet har tenkt å gjera for å fjerna krav om dobbeltrapportering.

Pelagisk Forening saknar òg ein arena for drøfting og innspel til utfordringar knytte til ERS, og sjekkpunkt i dei ulike fiskeria.