Eigedomsskatt etter kommunesamanslåing

Mange reiarlag eig kai, og bygningar, der båten har heimehamn.

Dei mange kommunesamanslåingane kan føra til endring i eigedomsskatten for slike eigedommar.

Det er vedtatt reglar som har verknad frå og med skatteåret 2020. Dei nye kommunane kan i ein overgangsperiode på tre år auka skattesatsen med inntil to promille på næringseigedom per år. (Ein promille for bustad og fritidseigedommar.) Kommunen kan òg velja å setja ned skattesatsane for å oppnå like satsar i kommunen. Botnfrådrag må vera harmonisert frå det første året etter samanslåing.

Spesielt interesserte kan lesa meir i Prop. 1 LS (2019-2020) punkt 6.2 og Innst. 4 L (2019-2020) kapittel 6.