Statsbudsjettet 2019

Fiskerinæringa er ei stor eksportnæring, som sysselsett mange menneske langs heile kysten.

I statsbudsjettet går regjeringa inn for å redusera selskapsskatten,  frå 23 til 22 prosent, og å redusera formuesskatten. Noko som er positivt.

Verdsettelsesrabatten for aksjer aukar fra 20 til 25 prosent. Dermed blir det mindre noko mindre formuesskatt for eigarar av arbeidande kapital. Aukinga gjer det rimelegare å eiga aksjeselskap, for bedriftseigarar i formuesposisjon. Satsen blir uendra. 0,85 prosent.

Regjeringa vil òg løyva 400 mnok til å reinsa hava plastavfall. Fiskerinæringa er heilt avhengig av reine hav.

Regjeringa foreslår òg å løyva 50 millionar kroner til kartlegging av havbotnen mot delelinja mot Russland.

Regjeringa forslår å bruka 481 millionar kroner meir på tre satsingsområde innan forsking (teknologi, fornying og omstilling i næringslivet og kvalitet i høgare utdanning.)

Pelagisk Forening håpar at løyvinga òg kjem fiskerinæringa til gode.

Det er òg positivt at fiskarfrådraget blir vidareført, men frådraget burde vore indeksregulert.

Regjeringa vil arbeida for reinare hamne- og fjordområde, noko som er positivt.

Regjeringa foreslår å auka løyvingane, med 10 mnok, til tiltak mot framande artar. Pelagisk Forening håpar arbeidet òg gjeld fremmande artar i havet.

Regjeringa vidarefører CO2-avgifta, med 29 øre per liter for fiskeflåten. Det er positivt at regjeringa ikkje svekker den norske fiskarflåten si konkurranseevne i høve til utlandet.

Produktavgifta er foreslått auka, fra 2,3 prosent til 2,4 prosent i 2019. Årsaka er forventning om redusert førstehandsverdi.

Fiskeriforskningsavgifta er foreslått uendra. Dvs. på 1,35 prosent av førstehåndsverdi.

Den generelle NOx-avgiften foreslås prisjustert til 22,27 kroner i 2019. Avgifta er ikkje relevant for fiskarane. Dette fordi fiskefartøy betalar til NOx-fondet. Avgifta aukar frå seks kroner til 8,50 i 2019.

Det blir òg foreslått å løyva 30 mnok til forsking på samspel økosystemet og havet.

Norges forskningsråd er foreslått tilgodesett med 17 mnok, til auka satsing på havteknologi og maritim innovasjon.

Det er satt av 37,5 mnok kroner til eit forskingstokt til Antarktis vinteren 2018-2019. Målet er auka kunnskap om krill, og krillen si rolla i økosystemet i Antarktis.

Pelagisk Forening er glade for at det er foreslått å løyva 30 mnok til sikring mot kvikksølvlekkasje frå ubåten ved Fedje.

Pelagisk Forening hadde gjerne sett at det blei gitt større løyvingar til bygging av fiskerihamner.

Pelagisk Forening konstaterer at det framleis er uvisst om Stadt skipstunnel blir bygd.