Publisert: 22. feb. 2018

Torskefiskerireguleringa nord for 62 grader N

Brev sendt til NFD i dag vedrørende torskefiskerireguleringa nord for 62 grader der PF ber om at frigjeving av ubrukt kvote avsatt til tredjeland:

Pelagisk Forening er kjent med at Nærings- og fiskeridepartementet held att 6 259 tonn ufordelt tredjelandskvote 2018.

Som kjent har TAC, for torsk, gått ned med 13 % frå 2017 til 2018. For gruppa over 27 meter er i røynda nedgangen ca. 22 %. Dette er dramatisk for fiskarane dette gjeld.

Årsaka til at denne gruppa opplever relativt størst nedgang er at mange ulike spesialordningar som rekrutteringskvote, distriktskvote m. fl. blir tatt «frå toppen». I tillegg er overfiske av avsetninga til ferskfiskordninga i2017 har ført til redusert

kvotetillegg, i og med at kvantumet er trutrekt «frå toppen» før fordeling.

I tillegg er det ei rekke ordningar som har faste kvantum, uavhengig av svingingar i tac. Dette fører til at andre grupper får ein relativt større nedgang i kvote.

Det er ukjent for oss kvifor NFD ikkje har fordelt tredjelandskvoten, på 6 259 t, enno.

Pelagisk Forening meiner at det er naudsynt at dette kvantumet snarleg blir fordelt til norske fiskefartøy.

Fordelinga bør vera slik at stor kyst får ein forholdsmessig større del av kvantumet. Dette fordi det er denne gruppa som i praksis har opplevd relativt størst nedgang i disponibel kvote. Av biologiske omsyn er det viktig at NFD straks frigjer kvantumet.