​ Fiskebåtar er best egna til å tråla etter plast


I reportasje i DN 5. februar skriv DN at fleirtalet i Stortinget vil pålegga regjeringa å finna ut korleis ledige offshorefartøy kan bli «plasttrålere». Dvs. brukast til å samla plast i havet. Ikkje uventa er offshorereiarlag positive, så lenge dei får betaling.

I utgåva 8. februar skriv DN at WWF slaktar forslaget, og havrådgjevar Fredrik Myhre i WWF uttalar at «Prioriteringsrekkefølgen er gal, og antageligvis skadelig.» Myhre uttalar òg at det er feil at det finnest hele «søppeløyer» med sterk konsentrasjon av plastavfall i dei store straumkvervlane i havet. Om dette er mindre plast i havet enn ein har trudd, er det gledeleg.

Om tråling etter plast er klokt eller ikkje er miljøorganisasjonane og havforskarane dei beste til å vurdera. Det bør vera eit mål å få redusert plastmengda i havet, så raskt, rimeleg, miljøvennleg og trygt som mogleg. Kort sagt så reint hav så raskt som mogeleg per krona. Det trengst sjølvsagt ei rekke tiltak, og alle er vel einige i at det er viktig både å stoppa ytterlegare forureining, og å få mest mogeleg plast opp frå havet.

Om tråling etter plast er hensiktsmessig er neppe offshorefartøy best egna. I Noreg er det ein topp moderne flåte med havgåande fiskefartøy. P.g.a. sesongvariasjonar og størrelsen på kvotane er det slik at dei fleste av desse fiskebåtane fiskar ca. halve året. Resten av året ligg båtane til kai.

Dersom det skal trålast etter plast er fiskefartøy mykje betre egna enn offshorefartøy. Mange fiskefartøy er utrusta for tråling. Fiskebåtane treng difor større ombyggingar, slik som offshoreflåten. Fiskefartøy har òg rom for oppbevaring av plasten.

Å fiska er òg truleg det farlegaste yrket i Noreg, og yrket er farleg enten det er fisk eller plast i trålen. Offshoreflåten er bemanna med gode sjøfolk, men fleirtalet har ikkje den trålerfaringa fiskarane har. Det medfører større fare for personulykker.

Dersom det skal trålast etter plast er fiskebåtar beste egna, og fiskarane er klare til å ta tak!