Alle torskefiskare er like, men nokon er likare enn andre

Torskekvoten går ned frå 412 011 tonn i 2017, til 350 159 tonn i 2018. Dvs. ned ca. 15 %. Dette som følje av kvoteråda frå Havforskingsinstituttet. Pelagisk Forening forstår sjølvsagt at når kvoterådet går ned, då får fiskarane fiska mindre.

For vanlege torskefiskarar er diverre nedgangen vesentleg større enn for meir privilegerte grupper.

Det blei sagt at Hjeltneskvota, og kalla distriktskvoteordning, skulle takast «frå toppen». Det har òg skjedd i namnet, men ikkje i røynda. Dette fordi det er ei rekke grupper som har faste kvotar i tonn, uavhengig av svingingar i totalkvoten. For desse gruppene går kvotane ikkje ned. Konsekvensen er at andre grupper får ein relativt større nedgang.

T.d. er den s. k. «kystfiskekvoten» 3 000 t, uavhengig av endring i totalkvote

I tillegg er rekrutteringskvoten fast på 5 262 tonn. Dette er kvantum som blir delt ut til verdig trengande rekruttar kvart år. Rekrutteringskvotane blir utdelt kvart år, men blir ikkje tilbakeført til gruppa før rekruttane eventuelt sular opp. Vanlege torskefiskarar misser såleis meir for kvart år. Rekruttering er bra, men det er meir rettferdige verkemiddelet. Det er lett å vera raus når andre betalar prisen.

Kvantum satt av til levandrelagring er òg uendra, og på 4 000 tonn.

For 2018 blir det opna for å fiska lodda i Barentshavet, noko som ikkje har vore lov dei siste to åra. Torsk kan vera bifangt når ein fiskar lodda. Der mistar somme grupper av torskefiskar ytterlegare 500 tonn. 500 tonn er eit stort kvantum. Særleg når ein veit at styresmaktene kan stenga store område dersom det blir fiska meir enn 35 kg torsk per 100 tonn lodda.

Det er altså slik at for 90-fotarane går kvota ned med ca. 20 %, sjølv om torskekvoten «berre» går ned med 15 %. For desse er dette dramatisk. Fleire andre grupper får ikkje reduksjon i det heile. Havforskarane får til og med ein liten kvoteauke.

Pelagisk Forening meiner at når totalkvoten går ned, då må alle grupper betala sin forholds-messige del av nedgangen.

Overfisket på ferskfiskordninga i 2017 skal trekkast frå norsk totalkvote i 2018, før fordeling på gruppene. Når ferskfiskordninga har same kvantum, er det i røynda gruppene som ikkje fiskar på denne ordninga, eller ikkje har fast kvantum i tonn, som betalar prisen.

Vanlegvis har styresmaktene fordelt tredjelandskvotane ved nyttår. I 2017 var utgjorde den 7 000 tonn til fordeling. I år har Nærings- og fiskeridepartementet valt å ikkje fordela tredjelandskvoten ved nyttår. Etter kva me forstår kan det vera tale om 7 000 tonn i år òg, men dette er uvisst. Det er òg uvisst om tredjelandskvoten blir fordelt i det heile tatt. Høyrte me stabile rammevilkår?

Pelagisk Forening legg til grunn at før endeleg regulering av fisket etter torsk, hyse og sei nord for 62° N kjem for 2018, blir overfisket i gruppa over 21 meter, og underfisket under 21 meter gjennomgått. Det er heilt naudsynt å komme til botn i dette.

Pelagisk Forening legg òg til grunn at det blir tatt omsyn til strukturgevinstane før dei ende-lege fartøykvotene blir fastsett.