Pelagisk Forening er sterkt usamd i løyve til oljeboring på Vikingbanken

Vikingbanken er eit viktig gyte- og oppvekstområde for tobis, og har vore stengt for tobisfiske sidan 2009. Havforskingsinstituttet har definert Vikingbanken som eit særleg sårbart gyte- og oppvekstområde. HI og Fiskeridirektoratet har òg uttrykt seg kritisk til å tillata boring på Vikingbanken. Då er det eit paradoks at staten tillèter oljeboring i området.

Pelagisk Forening kjem til å klaga på vedtaket.

Pelagisk Forening sitt høyringssvar kan du lesa her:

"Me viser til ovanfor nemnte høyring, om boring av avgrensingsbrønn 30/8-5 Tune Statfjord (2016/7429). Søknaden gjeld òg utslepp til sjø og luft.

Pelagisk Forening vil på det sterkaste åtvara mot at Statoil får løyve til å bora i dette området.

Søknaden gjeld boring, og naudsynte installasjonar, i eit svært viktig gyte og oppvekstfelt for tobis. Som kjent er tobis ein svært stasjonær art, og såleis ekstra sårbar for oljeaktivitet og giftutslepp.

Etter råd frå Havforskingsinstituttet har det vore forbode å fiska tobis i dette feltet sidan 2009. Dette fordi tobis er ein særleg sårbar art, og fordi det er eit langvarig og sterkt ønskje om å bygga opp att bestanden på dette feltet.

I tillegg er dette det einaste området i Norsjøen nord for 58 30 (engelsk Klondyke) som har botn og dybdetilhøve for oppvekst og fiskeområde for Tobis.

Boring, og utslepp, på dette feltet kan vera biologisk dramatisk, både på kort og lang sikt. Føre var prinsippet talar såleis sterkt for at søknaden bør avslåast. Dette feltet er òg eit viktig felt for kvitfiskfelt, og det er ikkje restriksjon på fiske av kvitfisk. Utslepp er såleis òg negativt for andre fiskeri enn berre tobisfiske.

Feltet er ikkje stort, og ein oljeinstallasjon, med sikkerheitssona, vil kunne føra til at feltet blir beslaglagt av oljenæringa, og den viktige fiskerinæringa vil mista eit svært viktig fiskefelt. Dette vil føra til betydelege økonomiske tap for reiarlaga som fiskar tobis, og for reiarlaga som fiskar andre artar i området.

Pelagisk Forening vil difor sterkt åtvara mot at det blir gjeve løyve til å bora i området."

Link til høringssvar.