Høyringssvar- forslag til regulering av makrellstørje

Konklusjon

  • Minst to farty må få løyve til å fiska størja med not.
  • Det må ikkje stillast krav om størjenot.
  • Det må ikkje stillast krav om erfaring med størjefiske.
  • Det må minst vera vilkår om overlegg for lovbrotsgebyr, inndraging eller straff.
  • Styresmaktene må finansiera kravet til inspektør frå ICCAT.
  • Styresmaktene må stilla krav til ICCAT, sjølv om somme krav kanskje ikkje er oppnåelege på kort sikt.

Vurdering

Pelagisk Forening meiner at Fiskeridirektoratet bør arbeide for at størjefisket blir regulert som eit ordinært fiskeri, og at det ikkje blir kravd at det er observatør frå ICCAT om bord. Det bør vera tilstrekkeleg med inspektørar frå Fiskeridirektoratet om bord.

Pelagisk Forening ser at det, på kort sikt, kan vera vanskeleg å få endra ICCAT sitt krav om 100 % observatørdekning om bord i notfarty. Observatørkravet er ein vesentleg kostnad for reiarlaga, og minskar truleg interessa for å delta i forsøksfisket. Det reduserer òg fleksibiliteten i fisket, då det blir vanskelegare å gå på fisket på kort varsel. T.d. etter at andre farty har sett størja. Styresmaktene bør difor dekka kostnadane med observatør om bord. Dette for å gje mindre kostnadar, og større fleksibilitet for reiarlaga. Dette m.a. fordi dette er eit forsøksfiske, og fiskarane betalar forskingsavgift.

Pelagisk Forening meiner at det er viktig å ha eit reguleringsregime som gjer det mogeleg at heile kvoten faktisk blir fiska, og at Noreg får opparbeida seg store permanente rettar. Difor er det særs viktig at minst to båtar får delta i fisket. Dette blei òg understreka på reguleringsmøtet i fjor haust. Då får heller fiskarane leva med at fisket blir stogga når kvoten er oppfiska.

Direktoratet foreslår at fisket skal skje med eit farty. Pelagisk Forening tillèt seg å peika på at dei to føregåande åra har direktoratet meint at fisket burde skje med to farty.

Norge har verdas nest lengste kystlinja, og det i seg sjølv talar for at minst to farty får delta i forsøksfisket. I tillegg skjer fisket om lag samstundes som makrellfisket. Dersom det berre er eit farty som får fiska, er det stor sjanse for at kvoten ikkje blir fiska dersom fisket drøyer ut, og båten må på makrellfisket.

Dersom berre eit farty får delta, risikerer Norge at kvoten ikkje blir fiska, og at det kan svekka Norge sine rettar på sikt. Det vil òg sjølvsagt redusera mange fiskarar sitt ønske om å satsa på størjefiske.

Fiskeridirektoratet bør såleis syta for at det blir mogeleg å fiska kvoten med minst to ringnotbåtar.

Pelagisk Forening meiner at det må vera opp til reiarlaget kva type not dei skal bruka, men at fisket sjølvsagt må vera forsvarleg med tanke på bifangst. Eit krav om størjenot vil truleg føra til at få eller ingen er interessert i å driva forsøksfisket. Dette fordi få har størjenot i dag. Ei ny støjenot kostar 2-4 MNOK, og det seier seg sjølv at krav om å investera ein slik sum vil føra til at det blir umogeleg å få eit lønsamt fiskeri. Dette spesielt fordi fartyet ikkje er garantert å få fiska størja seinare år.

Kravet om størjenot er diverre lite hensiktsmessig, og lite realistisk. Som direktoratet sjølv skriv tok størjefisket slutt for ca. 40 år sidan. Etter dette har få, om nokon, reiarlag forny størjenøtene sine. Det har òg vore ei rivande utvikling av både nøter og leiteinstrument. Sjansen for store bifangst, av sild eller makrell, er liten. Det er heller ikkje rapportert om bifangst i det store størjekastet til «Hillersøy» i 2016.

Skipperar i Pelagisk Forening seier òg at størjene ikkje sym inne i store makrell- eller sildestimar, og at størjene er lette å skilja ut på instrumenta. Dei seier òg at størjenøter har ei utforming som gjer at dei kan fangsta sild og makrell. Krav om størjenot vil såleis ikkje vera ein garanti for at det ikkje blir tatt sild eller makrell som bifangst. Krav om størjenot er såleis ikkje naudsynt. Eit slikt krav tek bort mogeleg lønsemd i fisket, og det bør ikkje vera eit slikt krav.

Dersom det skal vera krav om størjenot bør HI kjøpa nøter, og låna dei ut til båten/båtane som skal driva forsøksfiske. Dette slik som det er gjort for forsøksfiske med lina.

Direktoratet ber om høyringsinstansane sitt syn på om det bør vera krav om erfaring frå fiske etter størja med not. Pelagisk Forening vil peka på at det, med unntak av dei tre siste åra, er det 35-40 år sidan sist det var størjefiske i Norge. Dei som var i tjuårsalderene sist det var størjefiske er i dag ca. 65-70 år gamle. Det er såleis ikkje mange aktive fiskarar som har erfaring med størjefiske. Krav til erfaring, med størjefiske, vil såleis ekskludera mange reiarlag frå å delta på størjefiske.

Erfaring bør såleis ikkje vera eit krav. Kanskje bør det heller vera krav om å ha med eit par yngre fiskarar, slik at erfaring blir vidareført?

Pelagisk Forening har ikkje innvendingar mot forslaget til minstemålet i seg sjølv, men utilsikta fangst under minstemål bør ikkje straffast med bøter eller administrativ inndraging.

Pelagisk Forening er samd i at det ikkje bør setjast av kvote til sport- og rekreasjonfiske.

Pelagisk Forening meiner at det er uakseptabelt om farty som satsar betydelege ressursar kan mista eller få redusert kvoten dersom andre farty får størja som bifangst. Som kjent er Norge sin kvote berre fiska eit av dei tre siste år. Fiske ut over kvote vil som kjent bli rekt frå kvoten neste år. Stort overfiske er såleis ikkje sannsynleg. Pelagisk Forening meiner difor at deltakande farty må få fartykvote.

Pelagisk Forening gjer òg merksam på at dersom det blir stilt for store krav til fasilitetar for HI sine inspektørar, blir fisket i røynda berre for dei største og nyaste fartya. Når det er observatør om bord bør vedkommande, eventuelt i samarbeid med mannskapet, kunne ta tilfredsstillande prøvar for HI. Det er difor vanskeleg å sjå at det skal vera naudsynt med eit absolutt krav om at fartyet skal ha fasilitetar for havforskarar.

Å få størja som bifangst kan vera svært byrdefult for fiskar, og i beste fall går det i null. I fjor blei det rapportert om vesentlege kostnadar pga. skade på bruk og kostnadar som følje av avbroten tur. Farty som får størja som bifangst bør difor sjølvsagt få verdien av størja.

Pelagisk Forening meiner at det er positivt at det er fokus på kvalitet. Det er òg i fiskarane si interesse. Det er likevel viktig at det ikkje blir stilt unaudsynte søknadskrav.

Størjefiske er eit kostnadskrevjande fiske, og det er strengt kontrollert. Kort leitetid vil sjølvsagt redusera kostnadane. Det er difor vanskeleg å sjå kvifor det skal vera forbodenytta t.d. drone for å finna størjer, då det neppe vil føra til overfiske.

Pelagisk Forening ser at ICCAT har ei viktig rolla i forvaltninga av makrellstørja. Det er likevel viktig at styresmaktene i Norge fremjar norske fiskarar sine synspunkt og interesser opp mot ICCAT.