Ny sjøtrafikkforskrift er nå på høring

Pf har levert høringssvar ifm Kystverket har ny sjøtrafikkforskrift er nå på høring.

De største forslag til endringer er: 

  • Justering av tjenesteområdet til Fedje sjøtrafikksentral i øst ved Kleppestø.
  • Krav om at all kommunikasjon i tjenesteområdene til sjøtrafikksentralene skal skje på engelsk for fartøy over 500 BT. 
  • Nytt tjenesteområde og seilingsregler på strekningen Florø-Måløy, blant annet regulering av Skatestraumen, Måløysundet, innseilingen til Gulen og farvannet øst for Nordre Nærøya.
  • Nye bestemmelser som gjelder fartøy som skal ankre i Ofotfjorden, Herjangfjorden eller Narvikbukta, blant annet regler om tildeling av ankringsplass. 
For oversikt over alle endringene, se høringsnotatet.

Følgende høringsforslag er levert til Kystverket: 

Pelagisk Forening er negative til forslaget om å innføra engelsk som einaste kommunika-sjonsspråk i kommunikasjon med trafikksentralane. Dette fordi norsk er hovudspråket i Noreg. Norsk er morsmålet til dei fleste navigatørane i Noreg, og mest truleg òg til dei tilsette på trafikksentralane. Kommunikasjon på norsk er di-for mest presist, og reduserer såleis sannsynlegheita for mistydingar. Medlemsfartøy melder òg at mange norske skipsførarar er mykje betre i norsk enn i engelsk, og at forslaget difor vil kunne redusera tryggleiken i norske farvatn.

Det er vist til at «Data frå rapporteringssystemet SafeSeaNet viser at 73 prosent av regist-rerte anløp til Norge i 2019 gjaldt fartøy hvor skipsfører hadde utenlandsk statsborgerskap. En må kunne anta at dette er fartøy hvor bropersonellet har begrenset med norskkunnskaper og hvor SOLAS konvensjonen derfor setter krav til at kommunikasjonen skal foregå på engelsk.» Prosenttalet er sikkert rett, men dette seier berre førehaldstalet for anløp til Noreg. Dette seier ikkje noko kor stor prosent av trafikken, i norske farvatn, som skjer på fartøy med utanlandsk statsborgar som skipsførarar. Det er heller ikkje vist til ulykker som skuldast at kommunikasjon ikkje skjedde på engelsk. Kystveket skriv òg at «Ved trafikksituasjoner eller konflikter som involverer fartøy som kom-muniserer på engelsk, er rutinene derimot at sjøtrafikksentralene kun bruker engelsk språk.»

Pelagisk Forening meiner at dagens praksis fungerer bra, og at det difor ikkje er grunn til å påby bruk av engelsk. Forslaget synest såleis ikkje tilstrekkeleg grunngjeve, og Pelagisk Forening er i mot forslaget.Pelagisk Forening har ikkje merknadar til forslag som følje av utbetring og/eller nyoppmå-lingar av hamner og farvatn, eller til redigeringsmessige endringar pga. endra fylkesnamn.