Høyringssvar- inndragning av fangst og disponering av inndregne midlar

Pelagisk forening sitt høyringssvar om forslag til endring av forskrift om inndragning av fangst og disponering av inndregne midlar

Pelagisk Forening er usamd i forslaget om at inndregne midlar, etter fiskesalslagslova, skal kunne nyttast til føringstilskot.

Pelagisk Forening meiner at føringstilskot er viktig for enkelte distrikt, og viktig for enkelte fiskeri. Dette spesielt for mindre fartøy med kortare rekkevidde. Føringstilskot er såleis eit viktig distriktspolitisk verkemiddel. Såleis er det viktig at ordning med føringstilskot ikkje blir avvikla.

Føringstilskot har blitt finansiert av staten i ei årrekka. Distriktspolitikk er òg ei statleg oppgåva, og det er difor naturleg at staten fortset med føringstilskota. Det er òg slik at samfunnet får mange gangar meir att, i form av skattar, avgifter og ringverknadar, av fiskeriet enn storleiken på føringstilskota. Det er difor naturleg at staten fortset å betala føringstilskot.

Pelagisk Forening er såleis negativ til forslaget om at forskrift om inndregne midlar blir utvida til òg å gjelda fiskesalslagslova.

Dersom forslaget likevel blir vedteke meiner Pelagisk Forening at forskrifta må utformast slik at inndregne midlar berre kan brukast til føringstilskot til gruppa der midlane kjem ifrå.