Høyringssvar om dagpengeregelverket, forenklingar og digitalisering

Pelagisk forening sitt HØYRINGSSVAR om forslag til endringar i dagpengeregelverket, forenklingar og digitalisering

Rett til at fiske- og fangstinntekter er med i dagpengegrunnlaget.

Pelagisk Forening er usamd i forslaget om å avvikla særreglane for inntekt frå fiske og fangst.

Departementet skriv at «For å være omfattet av denne særregelen må fiskeren/fangstmannen også ha vært oppført i fiskermanntallets blad B og ha blitt arbeidsløs fra arbeid som arbeidstaker utenfor fiske og fangst som har vart i minst tolv uker.»

Forslaget om å fjerna regelen blir m.a. grunngjeve med at regelen var situasjonsbestemt, og gjeld få personar i dag. I følje departementet sine tal har 30 til 264 personar per år dei siste ti åra, fått vedtak der inntekt frå fiske og fangst er lagt til grunn.

Det er ca. 10 000 yrkesfiskarar i landet (på blad B). Departementet sine tal viser at kvart år nyte frå ca. 0,3 til ca. 2,64 % av fiskarane i landet har godt av regelen. Dette syner at regelen er viktig. Ikkje minst er regelen viktig for dei det gjeld.

Fiskaryrket er eit tungt yrke, og det desidert farlegaste yrket i Noreg. Det er ikkje uvanleg at folk som får skadar søker seg til lettare arbeid på land. Då er det ein tryggleik at fiskeriinntekter vil bli lagt til grunn ved eventuell seinare arbeidsløyse.

Til tider slit næringa med låg rekruttering. Regelen gjer det mindre risikabelt å prøva seg som fiskar. Dette fordi ein risikerer mindre økonomisk tap dersom ein seinare vel å ta seg arbeid på land.

Regelen kan såleis seiast å fremja rekruttering.

Rett nok blei regelen meir brukt i dårlege tider på åttitalet, men dårlege tider vil koma i framtida og.

Eit anna moment er at det har vore ein gledeleg auke i talet på kvinnelege fiskarar dei siste åra. Det er kvinner som går til arbeid på land etter å ha fått barn. Opphevinga av regelen kan såleis tenkjast å vera mest negativ for kvinner, og endringsforslaget er såleis neppe positivt med tanke på å få fleire kvinner inn i fiskaryrket.

Pelagisk Forening meiner at desse omsyna tilseier at regelen ikkje bør fjernast, og er difor usamd i forslaget.

Retten til dagpengar i samband med permitteringar i samband med jol og påske.

Departementet foreslår å oppheve dagpengeforskrifta § 6-3 som gir reglar om at det ikkje blir gjeve dagpengar under permittering i perioden f.o.m. 20. desember – 1. januar og f.o.m. palmesøndag t.o.m. andre påskedag. Departementet ber om høyringsinstansane si vurdering av om dette òg bør gjelde for bransjar der det ikkje er lønnsplikt ved permittering.

Pelagisk Forening meiner at fiskeindustrien er spesiell, i og med at det kan vera store svingingar pga. sesongvariasjonar, og på grunn av varierande tilgang på råstoff.

Det er viktig for Pelagisk Forening at landindustrien har gode vilkår, og landindustrien er viktig i distrikta.

I høyringsnotatet opnar departementet opp for «å videreføre den gjeldende særregelen kun for fiskeindustrien.» Dersom regelen blir fjerna støttar Pelagisk Forening å vidareføra regelen berre for fiskeindustrien. Dette p.g.a. sesongvariasjonane i næringa, og på grunn av at landindustrien er viktig både for fiskarane, og for distrikta.

Pelagisk Forening har ikkje merknadar til dei andre forslaga.