Landingsforskrifta – det er meir som bør endrast


Departementet og næringa skal møtast for å diskutera journalkrav i landingsforskrifta. Det er positivt at departementet møter, og lyttar til, næringa. Dersom møtet fører til at forskrifta blir endra slik næringa meiner er naudsynt, er det svært positivt av NFD.

Det trengs likevel fleire endringar i landingsforskrifta enn kva som har vore framme i media i det siste.

I forskrifta står det at «Seddelen skal undertegnes av mottaker eller dennes representant og den som lander før denne forlater mottaksstedet, og begge er ansvarlige for at opplysningene er korrekte», jf. § 8, 2. ledd 2. pkt.

Ordvalet, «dennes representant» gjer det klart at mottaka kan delegera sjølve underteikninga av sluttsetelen. Diverre er forskrifta meir uklår når det gjeld fiskarane sitt høve til delegasjon av signeringa.

«Med den som lander menes den ansvarshavende om bord på fartøyet som lander fisken», jf. § 3, 4. ledd. Dette er ei vidareføring av den førre landingsforskrifta. Dette er igjen ei vidareføring av forskrift om sluttseddel/bryggeseddel og mottaksjournal, heimla i dågjeldande saltvassfiskelov.

I konkrete enkeltsaker har Fiskeridirektoratet vore tydelege på at direktoratet meiner at forskrifta skal tolkast slik at skipper personleg skal signera sluttsetlane. Denne tolkinga fører til problem. Pelagisk Forening meiner direktoratet si tolking er tvilsam, og at tolkinga kan føra til problem for næringa. Problem som lett kunne vore unngått. Siktemålet med forskrifta kan oppnåast, sjølv med ei mindre rigid tolking.

Det er ikkje uvanleg at kravet, om at skipper personleg må signera sluttsetelen, fører til praktiske problem. Som døme kan nemnast at signering skal skje samstundes med at skipper har andre lovpålagte oppgåver om bord. Ei slik tolking kan òg vera upraktisk ved mannskapsskifter. Dersom det t.d. er lossekø vil mottaka normalt ynskja at fartyet blir flytta, bort frå lossestaden på kaien, så snart fartyet er ferdig lossa. Dersom det ikkje er fleire om bord med rette sertifikat må fartyet ligga til kaien til all last er veid opp, og skipper har signert sluttsetelen. Kravet kan såleis føra til at mottaket stoppar opp, og fleire titals personar må venta til skipper har signert og ført fartyet frå kaien. Båtane i lossekø kan òg oppleva venting.

Dersom eit anna mannskapsmedlem kan signera sluttsetelen, kan skipper flytta fartyet til nabokaien medan andre signerar. Då blir det ikkje tap av tid, og pengar som følje av krav om signering.

Fiskeridirektoratet si tolking kan òg verka negativt på tryggleiken. T.d. om skipper må vekkast medan han tek att søvn.

Høgsterett har uttalt, i kjennelse inntatt i Rt. 1995 s. 1901, at «Etter mitt syn må i hvert fall utgangspunktet være at kravet om undertegning av "fisker" refererer til den ansvarshavende ombord - skipperen. Undertegningen kan da ikke overlates til en person med en mer perifer tilknytning til fiskebåten. Jeg lar det imidlertid stå åpent om skipperen kan ha adgang til delegasjon til en annen kvalifisert person, for eksempel en styrmann. - Forutsetningen er i alle fall at undertegningen skjer før fiskebåten forlater mottaksstedet, jf det jeg har sagt tidligere.»

Høgsterett har såleis latt det stå ope, om skipper kan delegera sjølve signeringa. Forvaltninga kan såleis tolka forskrifta slik at skipper har høve til å delegera signeringa av sluttsetelen.

Kjøpar kan delegera den pliktige signeringa til kjøpar det ynskjer, jf. «Seddelen skal undertegnes av kjøper eller dennes representant» . Det er vanskeleg å sjå gode grunnar for det same ikkje skal gjelde for seljar.

Det blir poengtert at det ikkje er skipper sitt ansvar Pelagisk Forening meiner bør bli endra, men at Nærings- og fiskeridepartementet bør klargjera at skipper kan delegera sjølve signeringa.

I dag skjer signering stort sett elektronisk. Sildelaget har tidlegare opplyst at det er uproblematisk å gje nye mannskapsmedlemmar brukarnamn og passord, for elektronisk signering av sluttsetelen. Det er såleis ikkje praktiske omsyn som talar mot at andre enn skipper kan signera sluttsetelen.

No når landingsforskrifta likevel er under diskusjon, vonar Pelagisk Forening at departementet samstundes fjernar krav som ikkje er naudsynte for å nå forskrifta sitt formål. Det er i samsvar med regjeringa sitt ynskje om enklare og betre regelverk.