Høyringssvar- turistfiske på høring

NFD har på høyring forslag til endringer i havressursloven § 22 om sports- og rekreasjonsfiske og til ny forskrift om turistfiskevirksomheter m.v

Pelagisk Forening støttar forslaget om registreringsplikt, og rapportering av turistfiskarar sine fangstar. Pelagisk Forening meiner at det er uklårt kor store mengde fiske turistfiskarar fiskar, og at det er naudsynt å få oversikt. Reglane bør utformast slik at mørketala blir minst mogeleg, men reglane må òg vera lettast mogeleg å administrera og etterleva.

Dagens kvantum er på 15 kg. Når ein veit at turistfiskarar stort sett tek med seg rein filetar, er det reelt fiska kvantum vesentleg høgare. 15 kg fiskefilet er òg vesentleg matauk, og Pelagisk Forening ser ikkje at det er grunn for å auka kvoten.

Se link til høyring her.