Innspel til havstrategien

Regjeringa har bedt om innspel til sitt arbeid med «en helhetlig havstrategi».

Pelagisk Forening meiner at så tidleg i prosessen finn me det best å fokusera på overordna problemstillingar.


Pelagisk Forening meiner at så dei viktigaste emna er:

  • 1.Reint hav. Dvs. fokus på miljøvern.
  • 2.Berekraftig lønsamt fiskeri langs heile kysten.
  • 3.Ein fiskareigd fiskeflåte.
  • 4.Ein mangfaldig flåte
  • 5.Stabile rammevilkår
  • 6.Redusert byråkrati
  • 7.Bestandsforsking
  • 8.Rettstryggleik
  • 9.Rekruttering
  • 10.Innovasjon
  • 11.Arealplan
  • 12.Demokratiske prosessar
  • 13.Marknadsarbeid

1) Miljøvern er viktig. Dersom havet blir forureina, forsvinn grunnlaget for den store verdiauken i fiskeri og havbruk. For at styresmaktene sin havstrategi skal bli tatt alvorleg, er det t.d. viktig å unngå dumping av gruveavfall i fjordane. Viktige gyte- og fiskefelt må òg få varig vern mot havbruk og petroleumsverksemd.

2) Havstrategien må ha lønsemd i fokus, og lønsemda må vera berekraftig. Dvs. at havet ikkje må overskattast, eller øydeleggast. Regjeringa må òg ha fokus på lønsamt fiskeri langs heile kysten.

3) Ein fiskareigd flåte sikrar stort engasjement, høg kompetanse og langsiktigheit hjå næringsutøvarane. Deltakarlova fungerer bra, og det er ikkje naudsynt med noko anna enn eventuelle mindre justeringar.

4) Det er naudsynt med ein mangfaldig flåte. Dvs. at havstrategien må legga til rette for at alle noverande flåtegrupper har gode og stabile rammevilkår.

5) Fiskeri og havbruk krev store investeringar. Det er difor viktig med stabile rammevilkår, og endringar for endringane sin del bør unngåast.

6) Næringsutøvarane må forholda seg til eit stort byråkrati. I tillegg er det ofte at offentlege etatar ikkje ser ting i samanheng. Næringsutøvarane bør ha fokuset på dagleg drift, innovasjon, og utvikling av næringa. Byråkratiet bør såleis reduserast.

7) Bestandsforsking er svært viktig, og bør fortsatt vera eit satsingsområde. Fokuset bør vera på dei kommersielt viktigaste artane for norsk fiskeri og havbruk, og ikkje på t.d. tilhøve i andre verdsdelar. Bestandsforsking gjeld ikkje berre innsamling av data, men tolking og modellering av data. Konkurranseutsetjing, av forsking, kan vera eit godt verkemiddel. ICES si rolle i forskinga bør òg avklarast, og det bør vurderast om det er naudsynt med endringar.

8) Rettstryggleik. Dei fleste fiskarar meiner at kontroll er naudsynt, men kontrollinstansane er mange. Mange kontrollar blir òg oppfatta som meiningslause. T.d. omfattande kontrollar av marginale fiskeri, og av tilhøve som spelar minimal rolle for bestandane og miljøet. Ikkje minst er det viktig at næringsutøvarane ikkje blir kriminalisert for manglande oppfylling av krav som er uråd å etterleva i praksis.

9) Det må òg leggast til rette for rekruttering, men på annan måte enn å ta kvotar frå kystgruppa. Ein god offentleg finansieringsordning kan vera eit bra alternativ.

10) Det må vera rom for å prøva ny næringsutvikling. Dette kan vera støtteordningar, men ikkje minst er det viktig at regelverk ikkje stoppar folk som vil satsa på ny bruk av havet.

11) Me ser stadig at det er arealkonfliktar, og ofte er det dei permanente installasjonane som vinn. Det er viktig å ha ein strategi som sikrar god arealutnytting, og at det ikkje blir «den sterkaste sin rett». Gyteområde må ikkje blir skada. Det er òg viktig at fiskarar ikkje blir fortrengt frå fiskefelt eller fjordar der dei har fiska lenge. Dumping av gruveavfall i fjordane må heller ikkje tillastast.

12) Det er viktig at avgjerer blir fatta etter gode demokratiske prinsipp. T.d. bør den udemokratiske ordninga med Fjordfiskenemnda avviklast. Det må òg vera demokratiske prosessar som løyser t.d. arealkonfliktar.

13) Marknadsarbeid. Store deler av norsk sjømat blir eksportert. Det er difor viktig å ha konstant og stort fokus på å få seld sjømaten internasjonalt. Dette fordi produksjonen er aukande, og m.a. for å unngå skadeverknadar pga. politiske tilhøve, svingande valutakursar med meir.