Publisert: 12. aug. 2020

Høring- plikt til å ta fangstprøver på vegne av HI

Følgende høringssvar ble sendt ifm høring plikt til å ta  fangstprøver på vegne av HI:

Generelt ønsker styret i Pelagisk Forening best mogeleg bestandsforsking, og meiner at forskinga blir best med samarbeid mellom forskar og fiskar. Pelagisk Forening støttar difor fangstlotteriet «som sådan».

Forslaget, om straffetrussel, er eit klart brot på kva Havforskingsinstituttet tidlegare har uttalt, og kan verka negativt på tilhøvet mellom forskar og fiskar.

Pelagisk Forening er derfor sterkt imot innføring av straff for unnlating av å ta fangstprøvar.

I utkast til ny forskrift blir det vist til havressurslova §§ 62 til 64. Havressurslova § 64 har ei øvre strafferamma på seks års fengsel. Pelagisk Forening tvilar på at brot, på plikta til å levera fangsprøve, blir straffa med seks års fengsel med det første. Forslaget kan tyda på at forslagsstillar ikkje har full oversikt over konsekvensane av forslaget. Pelagisk forening er i mot straffetrusselen.

Forslaget, om straffetruslar, er for å få større svarprosent. Per i dag er det slik at ikkje alle fangstdagbokprogram er tilrettelagt for fangstprøvelotteriet.

Pelagisk Forening meiner at før straffetruslar eventuelt blir innført bør ein sjå kva svarprosenten blir etter at alle fangstdagbokprodusentar har tilrettelagt sine dagbøker for fangstprøvelotteriet.

Dersom straffetrussel likevel blir vedteke bør fiskeridirektoratet vera særs tilbakehaldne med å melda saker til politiet.

Dersom straffetrussel likevel blir vedteke Pelagisk Forening meiner at det er positivt at straffevilkåret er «forsett», og ikkje det lågare kravet «aktlaus». Dette fordi ein då ikkje risikerer straffesaker der årsaka til manglande levering skuldast hendelege uhell. Urimelege straffesaker vil kunne verka negativt på ordninga.

Pelagisk Forening meiner òg at systemet må formast slik at fiskar ikkje risikerer å få gebyr, eller straff, dersom fangstprøvar kjem bort på mottak, eller under frakt frå mottak til Havforskingsinstituttet.

Like eins må ikkje mottak risikera å få gebyr dersom fangstprøvar kjem bort under frakt.

Nærare utforming overlèt Pelagisk Forening til Fiskeridirektoratet og/eller Havforskingsinstituttet, men ein måte kan vera kvittering, for mottak av fangsprøve, på sluttsetelen. Ein annan møte kan vera ei eiga melding i fangstdagboka.

Pelagisk Forening meiner òg at dersom det ikkje øydelegg den statistiske verdien av fangstlotteriet er det ein føremon om det blir sytt for at enkelte båtar ikkje blir trekt ut til å ta prøvar uforholdsmessig mange gangar på ein tur. Dette er spesielt viktig i fiskeri der fiskarane må gjera mange hal/kast for å lasta båten. Dette for å unngå for stor belastning på eit mannskap, og såleis risikera å øydelegga den positive mottakinga fangstlotteriet har fått.