Ny episode i podcasten-«Lys i alle hus».

Historia om Vesteraalens fiskebollar og norsk sjømat vart for kort tid sidan sendt via ein live-stream til millionar av menneskjer i Kina. No får du høyre historia om Vesteraalens i podkasten «Lys i alle hus».

I denne podkasten møter du også grunder Gunnar Rørstad i Calanus med hovudsete i Tromsø. Dei  bygg no verdas første raudåtefabrikk på Sortland i Vesterålen. Det har tatt nesten 20 år å kome i gang med bygginga, men no har myndigheitene laga ein forvaltningsplan for raudåte. Rørstad trur vi er i starten av i ny biomarin næring med eit veldig stort potensial.

Vil du høyre meir om Gunnar Rørstad si satsing på raudåte, eller korleis Eirik Nikolaisen trur Kina kan bli viktig for vidare vekst for Vesteraalens, så høyr podkasten «Lys i alle hus».

«Lys i alle hus» er ein podkast som fortel dei gode historiene om jobben som vert gjort for å skape levande samfunn i Noreg.

Du kan høre episodene blant annet på Anchor, Spotify, iTunes (Apple podcast), Google Podcasts, Breaker, Pocket Casts og Radio Public.