Publisert: 26. mar. 2020

Karantene

Fiskarar om bord på fiskebåtar som kjem til Noreg, frå utlandet, er ikkje omfatta av det generelle kravet om 14 dagars karantene når ein kjem frå utlandet.

Dette forutsett at det ikkje er mistanke om smitte.

Båten kan òg dra frå t.d. lossehamn i Noreg, og til verkstad, notbøteri, eller annan hamn som er naudsynt for drift av skipet. Båten kan òg dra til heimehamna. Merk at mannskapet pliktar, «så langt som mulig» å unngå nærkontakt med andre personar.

Dette er eit unntak frå hovudkravet om at alle som kjem til Noreg frå utlandet skal opphalda seg i karantene i 14 dagar etter dei kjem til Noreg, jf. forskrift om karantene mv. ved ankomst til Norge, som seier at personar som kjem til Noreg frå utlandet skal opphalda seg 14 dagar i karantene.

Unntaket er grunngjeve med at fiske er matproduksjon, og mannskapet er vurdert som «strengt nødvendige».

Unntaket gjeld òg mannskap som reiser til/frå fiskebåten.

Myndigheitene har uttalt at for mannskap på skip byrjar karanteneperioden å løpa når skipet dreg frå utanlandsk hamn.

Les forskrifta.

Merk at reiarlaget må vurdera om den enkelte mannskapsmedlem er omfatta av unntaket. Altså om kva enkelt er «strengt nødvendig» for drifta.

Du kan lesa meir i «Rundskriv I-3/2020 - Forskrift om karantene mv. ved ankomst til Norge»