Publisert: 18. mar. 2020

Permitteringsreglar ifm koronaviruset

18. mars

Pelagisk Forening får mange spørsmål relatert til koronakrisa. Det har òg vore spørsmål om permitteringsreglar.

Koronapandemien har gjort at regjeringa vedtatt at ei rekke verksemder skal halda stengt/ er forbode. Dette av omsyn til smittevern.

Så langt er ikkje fiskebåtar flest dei verksemdene som er hardast råka. For verksemder som må stenga, i kortare eller lengre tid, kan det få dramatiske verknad. Dette pga. bortfall av inntekter. Samstundes er det slik at utgiftene skjeldan fell bort like raskt. Fleire verksemder permitterer difor tilsette. Dette for å spara lønskostnadar, og somme for å freista å halda konkursspøkelset på avstand.

Permittering er ei mellombels ordning der arbeidstakarar blir friteke for arbeidsplikt pga. mellombels mangel på arbeid, eller pga. produksjonshindringar. Arbeidstilhøvet består framleis. Dette i motsetnad til oppseiing. Det er såleis forutsett at arbeidstakar skal koma att til lønna arbeid seinare.

Permittering kan gjelda alle, eller deler av arbeidsstokken, og kan vera heilt eller delvis.

Reglane om permittering

Permittering er hovudsakeleg regulert av ulovfesta reglar. Desse er tufta på tariffavtalen mellom LO og NHO. Disse ulovfesta reglane gjeld for verksemder som ikkje har inngått tariffavtalar. Medlemmane i Pelagisk Forening er ikkje bundne av tariffavtalar.

Ofte er arbeidsgjevar sin rett til å permittera regulert i dei enkelte tariffavtalar, for verksemder som er bundne av tariffavtalar.

For at arbeidsgjevar skal kunne permittera må han ha sakleg grunn. Typisk ordremangel, praktiske arbeidshindringar, ulykker med meir. Koronaviruset kan òg vera sakleg grunn for permittering, dersom det t.d. gjer at verksemda ikkje får seld varene sine, og må innstilla verksemda.

Dersom ikkje alle tilsette skal permitterast må utveljinga vera sakleg. Dette utifrå behova til verksemda.

I tariffbundne verksemder er det ofte dei med lågast ansiennitet som må ut først. I verksemder som ikkje har tariffavtale er det òg krav om sakleg utveljing, men verksemdene er ikkje bundne av prinsippet om ansiennitet.

Eg rår til å drøfta eventuell permittering med dei tilsette, og/eller tillitsvalde, før eventuell permittering. Ein må då gjera greie behovet, og kva arbeidstakarar det gjeld. Kanskje har dei tilsette nyttige innspel? Difor er det klokt å lytta til synspunkt som dei tilsette kjem med. Dette seier advokat Ask Økland.

Permittering skal varslast 14 dagar på førehand, og gjevast til kvar enkelt av dei som skal permitterast. Varslingsfristen er vanlegvis 14 dagar frå drøftingsmøtet, men kan reduserast til to dagar dersom permittering kjem av ein plutseleg hending. Det er delte meiningar om koronautbrotet skal reknast som ei plutseleg hending. Varsel skal opplysa om kor lenge det er sannsynleg at permittering vil vara. Dersom det er uråd å forutsjå lengda, kan permittering skje på ubestemt tid. I så fall må dei permitterte, og/eller tillitsvalde, bli haldne løypande orientert om verksemda sin økonomiske situasjon.

Dersom permittering ikkje har skjedd innan 14 dagar frå varsel, må det sendast nytt varsel dersom permittering framleis er ønskeleg frå arbeidsgjevar si sida. 

Arbeidsgjeva har meldeplikt, til NAV, dersom minst 10 tilsette blir permittert utan løn, eller får redusert arbeidstid, per veka, med meir enn 50 % i meir enn fire veker.

Endringar i regelverket pga. koronavirus.

Den 16. mars varsla myndigheitene fleire endringar i permitteringsregelverket. Endringane har til siktemål å sikra arbeidstakarane sine minimumsinntekter. Det er òg eit mål at verksemdene skal klara seg gjennom krisa, og at landet skal koma raskare tilbake til normalen, når krisa vonleg er over ein gong.

I byrjinga, av permitteringsperioden, får arbeidstakar løn som vanleg. Deretter dagpengar under permittering. Arbeidstakar vil får full lønn i arbeidsgjevarperioden. Denne er no utvida frå 15 til 20 dagar. Samstundes er lønnsansvaret flytta frå til staten frå og med dag tre etter permittering. Inntektsgrensa, for å ha rett til dagpengar, blir senka. Dette slik at fleire vil ha rett til dagpengar.

Endringa medfører at arbeidstakar vil få kompensert ca. to tredjedelar av inntekta si. For å sikre vil si arbeidstakarar med inntekt på inntil i underkant av 300 000 kr blir kompensasjonsgraden blir auka til 80 % for desse arbeidstakarane.

Kor lenge kan arbeidstakarar permitterast?

Etter utløpet av arbeidsgjevarperioden vil arbeidsgjevar være fritatt for lønnsplikt i 26 veker i løpet av ein periode på 18 månadar. Dette både ved heil og delvis permittering.

Dersom arbeidstakar framleis er permittert etter denne perioden vil får arbeidsgjevar plikt til å betala løn, og arbeidstakar får samstundes rett til å koma att på jobb.

Situasjonen er jo svært usikker, og ting endrar seg frå dag til dag. Korleis situasjonen er om eit halvt år er uvisst.

Andre verknadar av permittering

Permittering kan vera alvorleg for dei som blir permitterte. Det er ikkje unaturleg at folk vil sjå seg om etter anna arbeid når dersom dei blir permitterte. Verksemder må såleis vera budde på at arbeidstakarar seier opp dersom dei blir permitterte. Permitteringsvarsel vil normalt skapa uvisse, og verksemder må såleis vera budde på å mista tilsette. Kanskje ikkje med ein gong, men lenge etter at krisa er over, eller at situasjonen har stabilisert seg.

Det er ikkje noko nytt at verksemder har freista å spara lønskostnadar ved å permittera tilsette. Eg rår til å vera varsam med dette. Samfunnet er i ein ekstraordinær situasjon, og det stiller krav til alle. T.d. har reiserestriksjonar, heimekarantene m.m. ført til vanskar for mange fiskebåtar. Dersom mannskapsmangel kan løysast ved t.d. endring av turnusplanar bør ein vera varsam med å permittera tilsette. Dette òg av omdømmeomsyn, seier advokat Ask Økland.