Høyringssvar- Forslag til endringar i deltakarlova og havressurslova

Pelagisk Forening viser til høyringsbrev av 8.10.19.

Konklusjon

Høyringsforslaget gjev departementet langt vidare fullmakter enn kva som er naudsynt.

Dette kan vera eit demokratisk problem.

Mest mogeleg av endringane bør lovfestast. Der forskriftsheimlar er naudsynt, bør «ytterpunkt», for departementet sine fullmaktsheimlar, lovfestast.

Innleiing

Som kjent var saka på høyring før stortingsmeldinga kom, og kvotemeldinga skal opp i Stortinget. Pelagisk Forening er kritiske til at ei sak, om lovendringar, blir sendt på høyring før kvotemeldinga er handsama av Stortinget.

Pelagisk Forening meiner strukturavtalar skal haldast. Det beste er at strukturkvotane går tilbake til gruppene når avtaletida er ute, slik som forutsett ved innføring av strukturreglane. Dette er i samsvar med det fiskarane visste då dei inngjekk strukturavtalar.

Pelagisk Forening er negative til vesentlege delar av forslaga i stortingsmeldinga.

Dette gjeld spesielt:

  • Opprettinga av ein statleg kvotebank
  • Inn- og utleige av fiskekvotar over kvotetaka.
  • Konvertering av strukturkvotar.
  • Samanslåing av gruppene pelagisk trål og ringnot.

Pelagisk Forening er positive til:

  • Oppheving av kondemneringskravet ved strukturering.
  • Felles avkortingssats ved strukturering.

Me går ikkje nærare inn på dette. Dette fordi høyringa gjeld lovendringar, som forutset at kvotemeldinga blir vedteke av Stortinget.

I det føljande blir det lagt til grunn at hovudpunkta i meldinga diverre blir vedtatt.

Me går ikkje inn på lovforslag som direkte gjeld grupper der Pelagisk Forening ikkje har medlemmar. Dette gjeld t.d. spørsmål om strukturering og/eller kondemneringsordning for sjarkar under elleve meter.

Vurdering

Regjeringa føreslår m.a. følgjande tiltak:

  • Årlege deltakarrettar, og løyve, skal erstattast av eit felles fiskeriløyve.
  • Det enkelte fartøy sin del av disponibel kvote kjem fram av kvotefaktorar tildelte til fartøy med relevant fiskeriløyve.
  • Dynamiske kvotefordelingsmekanismar vert erstatta av ei fast fordeling.

Pelagisk Forening er einig i at fiskeriløyve, og kvotefaktorar, vil ha ein så sentral plass i det nye kvotesystemet at det er naturleg å gje dette ei eksplisitt forankring i lov.

I kvotemeldinga foreslår regjeringa at det blir etablert ei ordning for kvoteutveksling for inn- og utleige av kvotar innanfor eit kvoteår. Det blir òg føreslått avgrensing av kvoteutvekslingsordninga til inn- og utleige av maksimalt høvesvis 20 og 50 prosent av verdien av kvotane som fartøyet er tildelt.

Forslaget medfører ei rekke problemstillingar, som ikkje er drøfta i kvotemeldinga.

Kvotemeldinga seier t.d. ikkje om innleidd kvantum skal kunne koma på toppen av gjeldande kvotetak, eller ikkje. Pelagisk Forening meiner at det bør lovfestast at det ikkje skal kunne leigast inn kvotar utover gjeldande kvotetak. Me meiner òg at maksimalt nivå, på inn- og utleige, må lovfestast. Dette slik at eventuell seinare auke må vedtakast av Stortinget, og ikkje kan vedtakast av departementet.

Det må òg lovfestast korleis «verdien av kvotane som fartøyet er tildelt» skal reknast ut.

Dette slik at departementet ikkje seinare skal kunne auka kan auka lovleg inn- eller utleige ved å endra berekningsmåten.

Departementet ønskjer å etablera ein sjølvfinansierande marknadsplass for å sikre effektiv, transparent og fleksibel kvoteutveksling. I høyringa skriv departementet at «Det er nødvendig med ein eigen lovheimel for at forvaltninga skal kunne lage forskrift med nødvendige avgrensingar som mellom anna er omtala i denne meldinga. Ein legg opp til å fastsetje dei nærare føresegnene om kvoteutvekslingsordninga, i forskrift forankra i den nye lovheimelen.»

Pelagisk Forening er i mot forslaget, men dersom forslaget blir vedteke bør det vera etter grundig høyring.

I kvotemeldinga foreslår regjeringa følgjande tiltak:

  • Staten leiger årleg ut kvotar frå eit kvotelager for å skaffe inntekter til staten.
  • Utleige av kvotar frå kvotelageret skjer innanfor fartøygruppene.
  • Å flytta 20 prosent av strukturgevinsten frå frivillig konvertering av allereie tildelte strukturkvotar til kvotelageret.
  • Avkorting ved framtidig strukturering blir overført til kvotelageret.

Pelagisk Forening er sterkt i mot forslaga, og meiner m.a. at inngåtte strukturavtalar må gå avtaletida ut, og at strukturkvotar må gå tilbake til gruppene slik som forutsett då strukturreglane blei vedteke.

Dersom forslaga blir vedteke er det ei rekke problemstillingar som bør avklarast, og lovfestast. Dette gjeld m.a. kor lenge kvotane skal vera leigd ut, auksjon eller faste prisar, blir staten eller fiskarane sine kvotar leigd ut først dersom det ikkje er tilstrekkeleg interesserte leigetakarar? Me meiner òg at maksimal prosent av strukturgevinst, som skal tilfalla staten, må lovfestast.

Dersom forslaget blir vedteke, så støttar Pelagisk Forening at utleige må skje innanfor fartøygruppene der kvotane kjem i frå. Dette må lovfestast.

Departementet foreslår tekniske endringar i dei to lovføresegnene om bortfall og tilbakekalling av spesielle løyve i deltakarlova §§ 18 og 19 fordi føresegnene heretter kjem til å gjelde fiskeriløyve og kvotefaktorar i staden for spesielle løyve. Vidare blir det foreslått foreslå ei oppdatering av straffeføresegna i deltakarlova fordi lova viser til nokre av lovføresegnene som er foreslått endra. Pelagisk Forening har ikkje merknadar til redaksjonelle endringar.

Mellom tiltaka som ikkje krev lovendring er forslaget om erstatte dynamiske kvotefordelingsmekanismar med fast fordeling, forslaget om å erstatte gruppeinndeling etter heimelslengd med gruppeinndeling etter faktisk lengd, bortsett frå forslaget om næringsfinansiert kondemneringsordning. Det vil vere nok med endringar i forskrift for å følgje opp desse tiltaka.

Pelagisk Forening har ikkje sterke meiningar om desse forslaga, men meiner at dersom forslaget skal vedtakast, så bør det vedtakast i lov. Dette m.a. for å sikra stabile rammevilkår.

I høyringsbrevet blir det uttalt at «Eit argument for å gjere lovføresegnene omfattande er at ein større del av fiskeriregelverket bør fastsetjast i lov vedteken av Stortinget, med dei krava til forarbeid som det inneber, i staden for i forskrifter fastsette av forvaltninga. Dette argumentet vert likevel svekt i ei sak som denne fordi alle dei konkrete tiltaka i kvotemeldinga har vore gjenstand for alminneleg høyring med påfølgjande grundig drøfting før saka vart lagd fram for Stortinget.»

Det siste er ikkje heilt korrekt. Fiskeriregelverket består av ei handfull lover, og talet på forskrifter er tresifra. Regelverket kan trygt seiast å vera komplisert. Kvotemeldinga, og tidlegare arbeid, må seiast å vera svært overordna sett i høve til omfanget av regelverket.

Pelagisk Forening meiner at dette talar for at ei stor grad av lovfesting. Dette nett for å sikra godt forarbeid, og grundige drøftingar før vedtaking.

Når det gjeld sjølve plasseringane, i dei ulike lovene, har me ikkje innvendingar.