Fiskerikontrollutvalets rapport

NFD sitt fiskerikontrollutval har overlevert rapporten sin til statsråd Nesvik. Se her.

Rapporten kjem på høyring 2. desember.

Pelagisk Forening er opptatt av berekraftig fiskeri, og at lovar og reglar skal føljast, og at det er viktig at næringsaktørane har like konkurransetilhøve.

Presseoppslag, angåande bestikkingar, og omfattande svart sal av kongekrabbe, viser at det er behov for å tenkja nytt når det gjeld fiskerikontroll.

Statsråden gav uttrykk for at han ønskte vidare samarbeid med næringa, noko Pelagisk Forening  meiner er positivt, og ønskjer å delta i. 

Utvalet rår til at kontrollarbeid skal finansierast av ei kontrollavgift. Pelagisk Forening ønskjer ikkje fleire avgifter, og meiner at kontrollarbeid bør finansierast med inndregne midlar, og over statsbudsjettet.

Utvalet rådde òg til lovendringar, slik at ulike etatar kan utveksla informasjon utan hinder av teieplikt. Dette krev omfattande datasystem. Pelagisk Forening er òg opptatt av næringsaktørane sitt rettsvern, og personvern, og er spent på korleis utvalet tenkjer å ta omsyn til dette.

Utvalet kritiserte òg at det er mange ulike kontrollinstansar, og at det er dårleg koordinering og leiing. Utvalet foreslår òg oppretting av eit «Fiskeripoliti». Pelagisk Forening ser utfordringar med dette, og synest det er merkeleg om det skal vera ulike politi for ulike næringar.

Det blei opplyst at berre 0,5 % av landingane blir kontrollert «på kaikanten». Pelagisk Forening  meiner at det er viktig å auka faktiske kontrollar, og ikkje straffeforfølja mindre formalkontrollar. Det bør òg vurderast om uavhengig tredjepart bør stå for veging av fangst ved landingane.

Pelagisk Forening meiner òg at regelverket må vera betre tilpassa dei praktiske utfordringane i næringa, og ikkje stilla krav som det er uråd å etterleva over tid. T.d. er det mange ikkje-naudsynte saker når det gjeld fangstestimering.

Det er òg truleg at med auka heimlar for gebyr. Dette har visse utfordringar i høve til rettstryggleik, då næringsaktøren får søksmålsbyrda. Dette i motsetnad til i straffesaker.

Pelagisk Forening kjem til å levera høyringssvar i saka.