Innspel til reguleringsmøtet -sei

Følgende innspel er sendt til reguleringsmøtet om sei:

Pelagisk Forening ber om at overreguleringa på sei, kyst, blir redusert noko. Dette både for konvensjonelle reiskap, og for nót. Redusert overregulering er spesielt viktig for nót.

Redusert overregulering vil gjera det lettare å planlegga drifta gjennom året.

Me er informert om at det skjer eit arbeid for å betra registreringa, av om fiska sei skal avreknast konvensjonell eller nót. Me ber om at oppdatert registrering, og statistikk, er på plass frå og med neste reguleringsåret 2020.