Publisert: 29. aug. 2019

Fiskeriminsterens ope møte i Bekkjarvik

På tysdag arrangerte Nærings- og fiskeridepartementet ope møte i Bekkjarvik.

Temaet for møtet var den nye kvotemeldinga.

Fiskeriminister Nesvik leda møtet, og presenterte hovudinnhaldet i kvotemeldinga.

Ministeren var klar på at kvotebanken, som han insisterer på å kalla «kvotebeholdning» blir vedtatt.

Dvs. at deler av kvotane går til staten, for så å bli leigd ut til fiskarane.

Nesvik var òg tydeleg på at motivet er meir pengar i statskassa.

Han estimerte årlege inntekter til ca. 100 millionar per år. Noko han meinte var småtteri, samanlikna med at oppdrettsbransjen betalte 3-4 milliardar kr for å auka kapasiteten med 6 %.

Nesvik var òg tydeleg på at kvotetaka ikkje er til hinder for at fartøy vil kunne leiga kvotar.

Ein fullstrukturert ringnotbåt vil i så fall kunne fiska 50 % meir. Dvs. tilsvarande 1275 basistonn.

Dette møtte motbør, frå salen, og Nesvik blei kritisert for at FrP, som er tufta på reduksjon av skattar og avgifter, går inn for auka skatteproveny.

Nesvik uttalte òg at kvotemeldinga skal på høyring. Han sa òg at truleg blir meldinga handsama i Stortinget våren 2020.

Pelagisk Forening gav klart uttrykk for at kvotemeldinga ikkje er ei forenkling, at PF er i mot kvotebanken, at strukturkvotar må gå tilbake til gruppene.

PF gav òg uttrykk for at avtalar skal haldast, og at dette òg gjeld for strukturkvotar. Forslaget om konvertering, av strukturkvotar, må såleis ikkje vedtakast.