​ Nytt medlem MS "Skude"

Skudenes AS har meldt båten «Skude» inn i Pelagisk Forening. Båten har heimehamn på Karmøy. «Skude» er ein trålar på 32 meter, tilhøyrer gruppa avgrensa nordsjøtrål, og har rekekvote og seikvote. Pelagisk Forening ønsker «Skude», og reiar Jostein Knutsvik, hjarteleg velkommen i foreiniga!