​Arendalsuka

Sist veka deltok Pelagisk Forening på Arendalsuka.

Arendalsuka er ei poliktisk samling, med hundrevis av seminar, utstillingar og debattar, og alle poliktikarar på riksplan deltek.

På få år har Arendalsuka blitt ein svært viktig møteplass for politikarar, organisasjonar og næringsliv.

For andre år på rad stilte Lars Einar Sandtorv opp med «Brennholm».

Interessa for norsk fiskeri, «Brennholm» og gode debatter om bord og på land var over all forventning.

Det var òg gode møte med vår nye fiskeriminister, Harald Tom Nesvik, og mange stortingspolitikarar.

Me er særs nøgde med at fiskeriministeren sitt første offisielle møte blei om bord på «Brennholm», og at PF fekk vist PF og norsk fiskerinæring til politikarar, bransjefolk og andre interesserte.

Ministeren har òg invitert Pelagisk Forening til nytt møte.

I Arendal fekk me vist fram PF, og norsk fiskerinæring, til mange «beslutningstakere» som vanlegivis er langt frå havet og fiskarane sin kvardag.

På to år har Pelagisk Forening blitt fiskerinæringa sitt andlet under Arendalsuka, og det var tydeleg at mange stortingsrepresentantar ønskte tala med oss, og få kjennskap til næringa.

Me er òg glade for at mange «vanlege» folk, og ikkje minst mange ungdommar, viste interesse i å sjå «Brennholm».

Takk til samarbeidspartnarar, sponsorar og alle som bidrog.

Sist, men ikkje minst, ein stor takk til Lars Einar Sandtorv og mannskapet på «Brennholm»!