Publisert: 29. mai 2018

Høringssvar- sei grunnkvote

Følgende høyringssvar er sendt ifm fisket etter sei for kystfartøy - utnytting av kvote:


Me viser til høyringsbrev av 9. april 2018.

Konklusjon:

Pelagisk Forening støttar alternativ 1. Dvs. at dei aktuelle kystfartøya kan fiske to grunnkvotar av sei/ ein grunnkvote med notreiskap, og ein grunnkvote med konvensjonelle reiskap. Dvs. at etablert praksis blir ført vidare, og at relevant forskrift blir endra i tråd med gjeldande praksis.

Manglande utgreiing av konsekvensane av høyringsforslaget:

Det er vanleg at høyringsbrev omtalar konsekvensane av høyringsforslag. Dette både praktiske, økonomisk og administrative konsekvensar. Pelagisk Forening konstaterer at NDF sitt høyringsbrev ikkje seier noko om konsekvensane av høyringsforslaget, noko høyringsbrevet burde gjort.

NFD burde såleis omtalt kva verknadane blir, for dei aktkuelle fiskarane, dersom etablert praksis blir reversert.

Vurdering:

Departementet ber òg om ei nærare grunngjeving frå høringsinstansar som anbefaler alternativ 1.

Situasjonen er at mange reiarlag har innretta seg etter direktoratet sin praksis. Reiarlaga har kjøpt kvotar, søkt, og fått, ervervsløyve. Reiarlaga har òg tilsett folk i høve til driftsgrunnlaga sine.

Dei aktuelle reiarlaga, og fiskarane, har seifisket som ein vesentleg del av levebrødet sitt.

Dersom alternativ 2 blir vedtatt vil reiarlaga ikkje kunne fiska begge kvotane, og må truleg avhenda den eine grunnkvoten. Dette vil truleg vera seinotkvoten, fordi den konvensjonelle kvoten er knytt til torsk og hysa.

Dette vil føra til at det kjem mange kvotar i marknaden, og det er neppe fartøy nok i Noreg som kan overta desse kvotane. Det er såleis fare for at grunnkvotar kan bli ufiska, eller denne seien må fiskast av andre grupper.

I høyringsbrevet står det at «i pkt. 4.5 i sakspapira frå Fiskeridirektoratet til reguleringsmøtet hausten 2017: Av 105 notfartøy har 90 fartøy også adgang til å fiske sei i lukket gruppe. Et fartøy som for eksempel i 2017 hadde en seinotkvote på 1 300 tonn og en kvote med konvensjonelle redskap på oppunder 700 tonn, vil altså samlet kunne fiske 2 000 tonn sei i stedet for 1 300 tonn. Førstehåndsverdien av fartøyets fangst øker da fra ca. 13 millioner kroner til ca. 20 millioner kroner

Pelagisk Forening er undrande til Fiskeridirektoratet sitt tal, og meiner at talet truleg er feil.

Råfisklaget har opplyst at det har vore ein feil i deira databasar, òg at for rund notfanga sei var gjennomsnittprisen 4,18 kr i 2017. For snurrevadfanga sei var gjennomsnittprisen 5,64 kr.

Med kvote på h. h. v. 1 300 t og 700 t blir dette 5,434 MNOK, og 3 948 MNOK. Dvs. 9,291 MNOK. Dvs. under halvparten av kva Fiskeridirektoratet la til grunn i sakspapira til reguleringsmøtet 2017, og som er gjentatt i høyringsbrevet. Sjå vedlagte e-post frå Råfisklaget.

Generelt er det mange ulike synspunkt i fiskerinæringa, men det er eit breitt ønskje om stabile rammevilkår. Alternativ 2 i høyringsbrevet er det motsette

Alternativ 2 fører såleis til mindre stabilitet, og meir usikkerheit for fiskarane. Pelagisk Forening meiner det er viktig med stabile rammevilkår for næringa.

Pelagisk Forening er samd i at det er eit prinsipp at ein båt berre skal kunne ha ein grunnkvote. Samstundes konstaterer me at det ikkje er tvil om at det er etablert unntak for dette i praksis. Dette unntaket er etablert av fiskeristyresmaktene. Unntaket har òg vore i lang tid, og det er mange som har innretta seg etter praksis.

Når NFD vurderer å endra etablert praksis er det viktig å kjenna til historia bak praksisen.

Det er klart at å fiska to grunnkvotar, med same båt, er eit unntak frå reguleringssystemet generelt, og kvoteutnyttingsparagrafen spesielt. Slike unntak bør berre skje når det er gode grunnar. Det var gode grunnar når unntaket blei innført. At ordninga kanskje ikkje ville blitt etablert i dag, gjeld òg andre reguleringar. No er den gode grunnen er at reiarlaga har innretta seg etter praksis. Pelagisk Forening er såleis ikkje samd med NFD at praksisen bør reverserast.

Ordninga bør òg sjåast i samanheng med Eidesenutvalet sin rapport. Der er det vektlagt at kvotesystemet må sjåast under eit. Det talar for at gjeldane praksis ikkje bør reverserast, og i alle høve ikkje no.

Pelagisk Forening meiner difor at praksisen, der fartøy med deltakartilgang både med not og konvensjonelle reiskap, må kunne fortsetja å fiska begge grunnkvotane. Dvs. alternativ 1.

I tillegg er det urimelig at mange skal miste vesentlege deler av driftsgrunnlaget sitt. Denne delen av flåten driv òg med torskefiske. I torskefisket opplever dei òg å miste kvantum til fleire spesialordningar.

Reiarlaga er innforstått med at seinotrettarog konvensjonell tilgang er to ulike ting, men reverseringsforslaget blir nesten som å forby båtar å ha seitråltilgang både sør og nord for 62-grader.

Pelagisk Forening vil peika på at fartøya som fiskar i begge gruppene har gjort det i fleire år, og har innretta seg etter myndigheitene sin praksis. Mange av disse fartøya har òg bygd seg opp strukturkvotar. Dette både innanfor seinot og konvensjonell sektor. Dette har dei gjort i trygg forvissing om at dei skulle få lov til å fortsetja å fiska i begge gruppene.

Dersom desse fartøya nå skal mista retten til å fiske kvoter som er kjøpt vil det verasvært uheldig. Både for reiarlaga si avkasting, men òg for arbeidsplassar om bord.

Når det har vore lov, og ønskjeleg frå myndigheitene si sida, å ha to grunnkvotar på same fartøy bør ikkje ordninga reverserast. Dette fordi skadeverknadane er for store.

Pelagisk Forening meiner at ein må vera klar over at det gjeld ulike løyve, der begge reiskapsgruppene har kvar sine gruppekvotar. Det er òg innført kvotefleksibilitet, slik at et ein notkvote kan fiskast med konvensjonelle reiskaper.

Historikken bak unntaket er eldre enn Pelagisk Foreining, men etter kva me forstår var eit av vilkåra for semja, om fordeling mellom flåtegruppene, at seinotflåten gav frå seg kvotedeler for å ha høve til å kunne fiske sei med konvensjonelle reiskap utan at dette reduserer notkvoten. I dette lyset blir alternativ 2 svært urimeleg for dei dette gjeld.

Avslutning:

Som vist ovanfor talar både historikk, stabilitet og omsyn til økonomi og arbeidsplassar for at etablert praksis blir lovfesta. Pelagisk Forening ber difor om at Alternativ 1 blir vedtatt.