Høyringssvar- open tillatelsesgruppe i fangst etter snøkrabbe

Følgende høyringssvar er sendt.

Det blir vist til høyringsbev av 2.2.18.

I høyringa står det at «Dette vil erstatte gjeldende dispensasjonsordning og medfører således en endring siden dispensasjonene i dag ikke gis med tidsavgrensning

Pelagisk Forening vil peika på at det er naudsynt med store investeringar for å etablera seg i fiske etter snøkrabbe. For å tena inn investeringane, og få tilstrekkeleg erfaring med fiskeriet, og få lønnsemd i fiskeriet, er det truleg naudsynt å driva i fleire år. Pelagisk Forening meiner at høyringsforslaget ikkje tek omsyn til dette. Dette fordi det blir foreslått at fiskarane må søka om løyve kvart år, og det er ingen automatikk i at fiskarane får løyve neste år. Dette vil truleg vera for usikkert for mange.

Forslaget vil såleis truleg føra til at potensielle nye aktørar ikkje vil satsa på fiske etter snøkrabbe. Dette kan neppe vera siktemålet med høyringa.

Pelagisk Forening er såleis i mot ordninga. Eventuelt må løyve gjevast for ein periode på minimum tre år.

I høyringa står det at «Høringen gjelder ikke en lukking av fiskeriet på nåværende tidspunkt, men innføring av en åpen tillatelsesgruppe. I hvilken grad fiskeriet skal lukkes kan vurderes på et senere tidspunkt.» Pelagisk Forening meiner at dersom fisket eventuelt skal lukkast bør det leggast vekt kva fartøy som faktisk har fiska snøkrabbe.