Tillet boring på Vikingbanken

I vedtak av 15. november gjev Klima- og miljødepartementet Statoil løyve til å bora etter olja på Vikingbanken.Dette på tross av at ei samla fiskerinæring, og fleire miljøvernorganisasjonar, klaga på vedtaket.

Pelagisk Forening hadde jo håpa at fornuften seira, men er diverre ikkje overraska over vedtaket.

Det er mange, og gode, grunnar som tilseier at løyve ikkje burde blitt gitt:

Vikingbanken er eit svært viktig gyte og oppvekstfelt for tobis, og er klassifisert som eit såkalla SVO-området i iht Meld St 37 (2012-2013)

Etter råd frå Havforskingsinstituttet har det vore forbode å fiska tobis i dette feltet sidan 2009.

Det er eit langvarig, og sterkt ønskje, om å bygga opp att bestanden på dette feltet.

Tobis ein svært stasjonær art, og såleis ekstra sårbar for oljeaktivitet og giftutslepp.

Tobis er òg veldig viktig mat for andre fiskeslag, sjøpattedyr og sjøfuglar. T.d. den raudlista lundefuglen.

Naturvernmangfaldslova § 9, føre var-prinsippet, talar òg sterkt for at boring ikkje blei tillatt.

Boreinstallasjonen skal ankrast oppsom vil kunne føra til øydelegging av botnhabitatet til tobisen.

Boring, og utslepp, på dette feltet kan vera biologisk dramatisk, både på kort og lang sikt.

Føre var prinsippet talar sterkt for at boring ikkje bør skje.

Dei faglege råda frå Havforskingsinstituttet er klart negative til oljeboring på Vikingbanken.

Vikingbanken er eit viktig felt for fiske etter kvitfisk, og dette fisket kan bli skadelidande ved eventuelle utslepp.

Den viktige fiskerinæringa vil kunne mista eit svært viktig fiskefelt.

Dette vil føra til betydelege økonomiske tap for reiarlaga som fiskar kvitfisk i området.

Når søkar sjølv skriv at det ikkje er effektive tiltak mot forureining ved ei eventuell utblåsing, bør boring ikkje skje.

Sjå heile vedtaket her.