Statsbudsjettet

Ein av lekkasjane NTB melder er at mineraloljeavgifta skal auka med 20 øre per liter.

Pelagisk Forening er negative til auking av mineraloljeavgifta, då det vil kunne påføra næringa ekstra kostnadar. Over 90 % av norske fangstar blir eksportert til utlandet, og det er viktig at næringa konkurrerar på like vilkår. Auka avgifter er kostnadar som vil kunne svekka norsk fiskerinæring sin konkurranseevne.

Pelagisk Forening meiner difor at dersom mineraloljeavgifta aukar, må eventuelt refusjonen aukast tilsvarande.