Arendalsuka 2019

Pelagisk Forening deltok på Arendalsuka i år òg. Dette er tredje gongen Pelagisk Forening deltek på Arendalsuka.

Arendalsuka er ei politisk samling, med ca. 1200 seminar, utstillingar og debattar, og «alle» politikarar på riksplan deltek. Dette er såleis ein svært viktig møteplass for politikarar, organisasjonar og næringsliv.

Det vart halde open båt tre dagar, og interessa for norsk fiskeri, «Brennholm» og gode debattar om bord var stor. PF hadde òg mange gode møte med stortingspolitikarar. Me er særs nøgde med at næringsminister Torbjørn Røe Isaksen deltok i debatten om bord.

PF fekk vist PF og norsk fiskerinæring til politikarar, bransjefolk og andre interesserte. Det er òg gledeleg at mange toppleiarar frå andre organisasjonar, og statlege institusjonar, finn det interessant å koma på våre arrangement. I Arendal fekk me vist fram PF, og norsk fiskerinæring, til mange «beslutningstakere» som vanlegvis er langt frå havet og fiskarane sin kvardag.

Brennholm og Pelagisk Forening er blitt fiskerinæringa sitt andlet under Arendalsuka, og det er tydeleg at mange stortingsrepresentantar ønskte tala med oss, og få kjennskap til næringa.

Me er òg glade for at mange «vanlege» folk, og ikkje minst mange ungdommar, viste interesse i å sjå «Brennholm».

Takk til samarbeidspartnarar, sponsorar og alle som bidrog.

Sist, men ikkje minst, ein stor takk til Lars Einar Sandtorv og mannskapet på «Brennholm»!