Publisert: 18. okt. 2018

Dei som drikk for mykje må tole bakrusen!

Fjordfiskenemndas leder tek feil. Det er svært rimeleg at gruppa som fiskar meir enn kvoten må tola kvotekutt neste år.

I Fiskeribladet 24. september gjev leiar for Fjordfiskenemnda, Helga Pedersen, uttrykk for at Fjordfiskenemnda meiner at open gruppa sitt overfiske (cirka 5000 tonn i 2017 og 9897 tonn per veke 39 i 2018) av torsk er Nærings- og fiskeridepartementet (NFD) sitt ansvar. Fjordfiskenemnda er «derfor tydelege på at det vil vere svært urimeleg dersom fiskarane i open gruppe skal bli ramme av kvotekutt for å «innhente» overfisket».

Pedersen tek feil. Det er svært rimeleg at gruppa som fiskar meir enn kvoten må tola kvote-kutt neste år. Dette er òg i samsvar med norsk lov, jf. torskeforskrifta § 6 «Dersom en gruppekvote overfiskes, kan Fiskeridirektoratet belaste gruppekvoten det påfølgende kvoteåret med et tilsvarande kvantum». Dette har Fiskeridirektoratet gjort. Noko anna ville vore uansvarleg.

Meiner Pedersen at overfiske ikkje skal føra til kvotekutt seinare år? I så fall vil det føra til at Noreg fiskar meir enn kvoteråda til Havforskingsinstituttet og ICES.

Alternativet er at andre grupper må ta kvotekuttet. Dette er i strid med gjeldande fiskeripolitikk, og i strid med tverrpolitisk semje om «stabile rammevilkår».

I reguleringsdokumenta for 2017 står det til dømes at «Fiskeridirektøren viser til at mest mulig stabilitet og føreseielegheit i fiskerireguleringene er en vesentleg føresetnad for at næringsaktørane skal kunne tilpasse seg best mulig til de biologiske og markedsmessige endringane som til enhver tid må påregnes». Dette er Pelagisk Forening samde i! Kvotefordelinga mellom gruppene må difor ikkje endrast.

Pedersen har sjølvsagt lov til å meina kva ho vil, men må ikkje vinna fram med forsøket på å la andre betala prisen for open gruppa sitt store overfiske.

Uansett kven som har ansvaret for reguleringa, blir det ikkje meir torsk i havet av å plassera ansvar. Dette veit sjølvsagt alle. Pedersen legg ansvaret på NFD. Det vil vera underleg om Fjordfiskenemnda ikkje kjente til at reguleringa ville føra til overfiske. Kanskje har dei skulle reagert før? Kanskje Fjordfiskenemnda òg har eit ansvar?

Fjordfiskenemnda synest å meina at kvotefordelinga, mellom gruppene, skulle vore annleis. Som kjent er kvotefordelinga mellom gruppene tufta på eit ti år gamalt landsmøtevedtak i Noregs Fiskarlag. Vedtaket har blitt lagt til grunn i reguleringane, og har nesten hevdvunnen status. Å endra denne praksisen er ikkje lett.

Praksisen har likevel blitt gradvis endra, og til fordel for open gruppa. Til dømes ved innføringa av kystfiskekvoten. Kystfiskekvoten er på 3000 tonn, og er tatt «frå toppen». Det vil seie før totalkvoten blir fordelt på dei ulike gruppene. Store deler av kystfiskekvoten er såleis tatt frå lukka gruppa.

Fiskeridirektoratet har nyss bede om «innspill til ny maksimalkvote for fartøy som fiskar på distriktskvoteordningen.» Dette for å få fiska opp dei resterande cirka 1800 tonn av «Hjelneskvota». Kanskje er det beste å stoppa denne ordninga, og nytta det resterande kvantumet til å dekka opp for overfisket i open gruppa? Dette burde Fjordfiskenemnda vera nøgd med. «Hjeltneskvota» er trass alt òg tatt «frå toppen».

Pelagisk Forening meiner at det er viktig å ha ei open gruppa. Ikkje minst av omsyn til rekruttering, og håper at myndigheitene finn ei god løysing. Å ta frå lukka gruppa er å ta maten ut av hendene til sine yrkesbrør, og er inga god løysing.

Myndigheitene skulle sjølvsagt sytt for at reguleringa var slik at open gruppa ikkje fiska meir enn avsett kvantum. No er det viktig at dei involverte partane, Fjordfiskenemnda inkludert, viser ansvar og finn ei god løysing på problemet.

Alle som føl med veit at overfiske fører til mindre kvote neste år. At overreguleringar, med tilhøyrande overfiske, fører til kvotekutt er såleis ein varsla katastrofe. Då er rett at dei som har fått gevinsten betalar prisen