Publisert: 29. aug. 2017

Høyring – distrikskvoteordning for torsk

Pelagisk Forening er negative til høyringsforslaget, og rår til at ordninga ikkje blir innført. Dette hovudsakleg fordi ordninga vil medføra endring av fordeling mellom fartøygrupper, komplisering av regelverk, og vil svekka driftsgrunnlaget for anlegg utanfor området.

Vurdering:

I høyringsbrevet stiller NFD fleire spørsmål NFD ber høyringsinstansane svara på. Det vil bli svart fortløpande i teksten under.

NFD skriv at «Sikker og jevn tilgang av råstoff gjennom hele året er en vesentlig faktor for å bedre fiskeindustriens konkurransekraft og legge til rette for en lønnsom foredling. Tilgang på ferskt råstoff av god kvalitet og riktig størrelse er særlig viktig.»

Dette gjeld alle sjølvsagt alle mottak. Ordninga fører sjølvsagt ikkje til meir fisk i havet. Dersom det blir gjeve føremonar for å levera fisk i eit område, vil det sjølvsagt føra til at tilsvarande mindre fisk blir levert i andre område. Truleg vil nabodistrikta vera dei som tapar mest råstoff. Det kan føra til svekka lønnsemd, og i verste fall konkurs og nedlegging for andre mottak. Det kan neppe vera siktemålet med forslaget. Samstundes er det usikkert om forslaget vil hjelpa mottaka i området tilstrekkeleg.

Innføring av ei distriktskvoteordning vil utløysa mange praktiske og fordelingsmessige spørsmål. Omsynet til enklare regelverk talar såleis for at ordninga ikkje bør innførast.

NFD ber høringsinstansane uttala seg om «distriktskvoteordningens geografiske virkeområde». Pelagisk Forening er i mot ordninga, og har ikkje merknadar til kva geografisk område som eventuelt skal omfattast av ordninga.

Pelagisk Forening meiner at når siktemålet er og auka verdiskapinga i eit bestemt distrikt, må det vera krav om at fisken faktisk blir foredla i distriktet.

NFD skriv at «Et krav om at råstoff kjøpt under distriktskvoteordningen skal bearbeides, er dessuten svært vanskelig å kontrollere for myndighetene. Evalueringen av distriktskvoteordningen av 2006 viste også at en del bedrifter ikke oppfylte bearbeidelseskravet.» Når det er uvisst om ordninga får ønska verknad, talar det for at ordninga ikkje bør innførast.

NFD ber om «høringsinstansenes syn på hvem som skal kunne benytte seg av ordningen.» Pelagisk Forening meiner at spørsmålet må sjåast i samanheng med kor kvotane eventuelt blir tatt frå. Det bør vera slik at alle som eventuelt mistar kvantum, må ha høve til å fiska innanfor ordninga.

Generelt vil Pelagisk Forening råda frå endring av fordelinga mellom reguleringsgruppene.

«Departementet ber høringsinstansene ta stilling til de ulike alternativene som foreligger, og signalisere hvilket alternativ de anser som mest sannsynlig vil fungere best ved en innføring av en distriktskvoteordning.» Uansett kva alternativ som eventuelt blir valt, vil forslaget føra til at nokre fiskarar får fiska mindre fisk. Ordninga fører såleis til mindre stabilitet, og meir usikkerheit for fiskarane. Pelagisk Forening meiner det er viktig med stabile rammevilkår for næringa.

Vidare skriv NFD. «Prioritering og fordeling av distriktskvoten må sees i sammenheng med hvor fisken skal fiskes og til hvilken tid på året. Torskefisket utenfor Finnmark om høsten foregår ofte langt ute og med til dels varierende værforhold. Det skulle tilsi at det er størst sannsynlighet for at det er den største gruppen som klarer å få tatt opp kvoten, og at de største fartøyene dermed må få størst andel av kvoten.» Pelagisk Forening meiner at dersom ordninga blir av, må ordninga vera slik at den tilgodeser grupper som faktisk har høve til å fiska kvoten. Korkje mottak eller fiskarar er tent med små leveransar i byrjinga av perioden, og overføring av kvote til større farty i slutten av perioden.

Elles er Pelagisk Forening samd i at dersom ordninga blir av, må kvota vera reservert for lukka gruppa.

Pelagisk Forening er samd i at ordninga ikkje bør gje kvotebonus for levandefangst,

Departementet ber høringsinstansane vurdere om «én eller flere redskapsgrupper skal prioriteres fremfor andre.» Som nemnt over bør alle som mistar kvantum, bli omfatta av ordninga. Ordninga bør såleis omfatta alle reiskapsgrupper som eventuelt mistar kvantum.

Det same gjeld òg geografisk.

«Departementet ber også om innspill på om det skal fastsettes krav til hvem som skal bekoste en eventuell frakt av fangsten, dersom den ikke losses i samme distrikt eller ved samme anlegg som distriktskvoten gjelder for.» Pelagisk Forening meiner at dei som nyt godt av ordninga bør betala eventuell frakt. Dvs. mottaka i området omfatta av ordninga.

Vidare ber departementet «høringsinstruksene melde tilbake på hvilke alternativ en ser for seg dersom denne situasjonen skulle oppstå innenfor distriktskvoteordningen.» Dersom det er fare for at kvoten ikkje blir fiska opp, bør ordninga ikkje innførast.

«Dersom det skulle oppstå en situasjon der kvoten etter distriktskvoteordningen overfiskes, er departementet kommet til at en aktuell løsning er at fangst ut over kvoten inndras.

Vi ber om høringsinstansenes innspill på dette.» Dette kan vera ei god løysing, men det er viktig at eventuelt overfiske ikkje blir straffa, eller pålagt gebyr.