Høyringssvar- ballastvannkonvensjonen

Pelagisk Forening er opptatt av at fiskerinæringa skal vera så miljøvennleg som mogeleg. Det er såleis positivet at ein unngår spreiing av framande artar.

Pelagisk Forening synest det er positivt at Sjøfartsdirektoratet tolkar konvensjonen slik at rsw-tankar ikkje er omfatta at reinsekravet. Det beste er at det blir fastsett, i forskrifta, at rsw-tankar brukt til føring av fangst ikkje er omfatta av reinsekravet.

Det same gjeld stabilisatortankar.

Pelagisk Forening er einige i at det enkelte skip sitt sertifikat for fartsområde er ein enkel måte å avgjera om skipet er omfatta av reinsekrava eller ikkje, og er einige i at krava òg må gjelda for utanlandske fartøy som kjem til farvatn under norsk jurisdiksjon.

Det er viktig at fartøya får tid til å oppfylla kravet. Frist til første fornying av skipets IOPP-sertifikat, eventuelt seinast 8. september 2022 er såleis ei god løysing.

Det er foreslått at forskrifta ikkje skal gjelda for «skip i statlig teneste». Pelagisk Forening ser ingen grunn til at skip i statleg teneste ikkje skal plikta å reinsa eventuelt ballastvatn. Dette fordi skip i statleg teneste kan spreia uynskte artar nett som andre skip. Forslaget er heller ikkje grunngjeve i høyringsbrevet.

Ein konsekvens t.d. at Havforskingsinstituttet sine båtar ikkje pliktar å ha reinseanlegg. Dette sjølv om enkelte av desse skipa opererer i fjerne farvatn.

Elles meiner Pelagisk Forening at forskrifta ikkje må føra til meir byråkrati, eller fleire eller høgare gebyr.

Les høyringen her.