Høyringssvar- snøkrabbe

Det er sendt høyringssvar om endring av forskrift om forbod mot fangst av snøkrabbe i 2017.

Pelagisk Forening er klar over at det har vore lite forsking på snøkrabbe i norsk farvatn, og ser fram til at det blir forska meir på denne arten.

Eit medlem rapporterer om mykje vasskrabbe («bløt-krabbe») i september, og meiner at fisket bør ver stengt ein lengre periode enn kva som er foreslått i høyringa. Pelagisk Forening meiner difor at fisket bør vera heilt stengt i perioden 1. juli til 30. september. Vasskrabben kom først i den søre delen av feltet. Kanskje fordi skalskifte blir utløyst av høgare vasstemperatur? Når HI har fått forska meir på snøkrabbe, bør det vurderast om ulike deler av feltet bør stengast på ulike tidspunkt.

Det bør òg vera krav om at alt bruk blir tatt opp av sjøen når fisket er stengt.

Når fisket blir stengt pga. at totalkvoten er oppfiska, bør fiskarane får tilstrekkeleg tid til å ta opp bruket.

Dersom det blir krav om inspektør om bord, i visse tidsrom, må det vera med den føresetnaden at Fiskeridirektoratet har tilstrekkeleg mange inspektørar. Mangel på inspektørar har vore problem i andre fiskeri. T.d. under fiske etter skageraksild med not. Eit reiarlag må tilpassa drifta etter mange ulike faktorar. T.d. sesong for dei ulike fiskeria, vêr, vedlikehald etc. Regelverket må difor ikkje vera slik at fartøya må tilpassa drifta etter når Fiskeridirektoratet har inspektør tilgjengeleg. Dersom inspektør ikkje er tilgjengeleg må fartøya likevel ha lov til å fiska.