Publisert: 15. mar. 2017

Høyringssvar, direktefiske etter sei for avgrensa nordsjøtrål

Direktoratet har hatt følgende på høyring, direktefiske etter sei for avgrensa nordsjøtrål.

I brevet spør direktoratet «Hvordan stiller organisasjonene seg til innføring av et direktefiske etter sei for reguleringsgruppen avgrenset nordsjøtrål?»

Pelagisk Forening er sterkt i mot foreslått regulering. Om forslaget blir vedtatt kan fiskarar som ønskjer avrekning av sin seikvote ved bifanst i anna fiskeri, risikera at fisket er stoppa fordi gruppekvota er oppfiska. Forslaget kan såleis føra til kappfiske.

I tillegg vil forslaget føra til auka press for overføring frå pelagisk trål, når avgrensa nordsjøtrål har fiska gruppekvota si.

Fiskeridirektoratet spør òg «Eventuelt: Hvordan stiller organisasjonene seg til en ordning med direktefiske bare for fartøy som har kvotefaktor 1?» Pelagisk Forening meiner at reglane må vera dei same for alle i ei gruppa. Dette sjølv om deihar ulik kvotefaktor.

Når det gjeld spørsmålet om kor store maksimalkvotar som bør tildelast fartøya ved ei eventuell innføring av direktefiske meiner Pelagisk Forening at maksimalkvotane ikkje bør vera så store at det er fare for at det blir press for å få overført kvantum frå andre grupper.

At det er vanskeleg å unngå bifangst er tydeleg. Same dag som saka blei sendt på høyring, fredag 10. mars, vedtok Fiskeridirektoratet ei forskrift (J-43-2017: Forskrift om regulering av fisket etter sei i Nordsjøen og Skagerrak i 2017) der direktoratet aukar lovleg bifangst til 40 %.

For gruppa avgrensa nordsjøtrål har myndigheitene altså auka bifangstprosenten frå 30 til 40 %. Samstundes foreslår de at gruppa skal kunne fiska sin kvote direkte. Om forslaget blir vedtatt vil truleg konsekvensane bli at direktoratet må stoppa fisket når gruppekvoten er oppfiska, eller at gruppa må få sei frå andre grupper sine kvotar. Begge deler kan bli dyrt for andre, og er ikkje ønskeleg.

Frå næringa høyrer ein ofte ønske om «stabile rammevilkår.» Dette blir òg nemnt i Eidesenutvalet sin rapport, NOU 2016:26 «En viktig forutsetning for et godt kvotesystem er stabilitet og forutsigbarhet.» No legg myndigheitene opp til det motsette. Det er lite ønskeleg, og heller ikkje naudsynt.

Forslaget bør difor ikkje vedtakast.

Høyringsprosessen

Pelagisk Forening er kritiske til høyringsprosessen.

Pelagisk Forening har stor forståing for at det kan vera naudsynt med korte høyringsfristar i fiskeri. Pelagisk Forening har likevel vanskeleg for å sjå at kort høyringsfrist (4 dagar) er naudsynt for denne høyringa. Det er difor vanskeleg å sjå kvifor direktoratet har gjeve ein så kort høyringsfrist.

Den korte høyringsfristen er ikkje det einaste problemet. Pelagisk Forening meiner at direktoratet burde gjort greie for konsekvensane av forslaget. Forslaget burde òg vore grunngjeve.