Forslag til endringar i forskrift om bruk av tvangsmulkt og overtredelsesgebyr ved brudd på havressurslova mv.

Departementet foreslår i høyringsnotatet å utvide verkeområdet om bruk av tvangsmulkt og overtredelsesgebyr ved brudd på havressurslova. Forskrifta gjeld i dag ved brot på havressurslova og føresegner fastsette i medhald av denne lova. Høyringsforslaget inneber at forskrifta også vil gjelde brot på deltakarlova og føresegner fastsette i medhald av denne.

Pelagisk Forening skriver i sitt høyringssvar at vi meiner at regelverket ikkje bør endrast som foreslått. Grove overtredingar bør føra til inndraging som i dag, og det er ein rettssikkerheitsgaranti at forvaltninga må melda mistanke om lovbrot til Politiet. Dette fordi då må ein uhilda tredjeinstans vurdera tilhøvet. Det er òg større krav til sannsynlegheitsovervekt i straffesaker, enn kva det er i saker om lovbrotsgebyr og tvangsmulkt.

Under er tilhøve Pelagisk Forening meiner er viktige dersom forslaget likevel blir vedtatt.

Pelagisk Forening meiner at det er viktig at næringsutøvarane sin rettstryggleik ikkje blir ytterlegare svekka.

Departementet foreslår at Fiskeridirektoratet framleis skal vere klageinstans, for saker der regionkontora er første instans, og at departementet framleis skal vere klageinstans for saker der direktoratet er første instans.

Pelagisk Forening er usamd i at Fiskeridirektoratet skal kunne handsama klagar på sine eigne vedtak. Dette fordi det er viktig med ei uhilda vurdering av klagar. Dette for at det ikkje skal vera tvil om rettstryggleiken til næringsutøvarane.

I dag er det slik at når Fiskeridirektoratet sine regionkontor fattar vedtak, er det så å seie alltid slik at det er same sakshandsamar som skriv innstilling til vedtak. Dette er ein uheldig praksis, sjølv om det formelt er direktoratet sentralt som fattar vedtaka.

I tillegg er det uproblematisk for eit stort organ, som Fiskeridirektoratet, å organisera drifta slik at same person ikkje handsamar same sak i to instansar. I andre forvaltningsorgan, som t.d. Skatteetaten er det ikkje slik at same person handsamar klagar på vedtak han/ho har sjølv har skreve. Slik bør det heller ikkje vera i Fiskeridirektoratet.

Helst bør NFD alltid vera klageinstans. Eventuelt kan det opprettast ei uavhengig klagenemnd, slik det er for skattesaker. Dersom det likevel blir slik at Fiskeridirektoratet er klageinstans, bør NFD avgjera at same person ikkje skal kunne vera involvert i klagar på vedtak han/ho har vore involvert i tidlegare.

Det er nokre rettssikkerheitstilhøve som ikkje er drøfta i høyringsnotatet, men som gjerne kunne vore drøfta. Ved administrative vedtak, om lovbrotsgebyr, tvangsmulkt og inndragingar av fangstverdi må næringsutøvaren går til sak dersom han er usamd i endeleg vedtak.

Som eit absolutt minimum må det vera slik at administrative vedtak om lovbrotsgebyr, tvangsmulkt og inndragingar av fangstverdi ikkje forfell før søksmålsfristen er gått ut. Ved søksmål må ikkje slike krav måtte betalast før kravet er fastslått i rettskraftig dom.

Dette fordi krav kan vera øydeleggande for næringsutøvarar. Dette gjeld særleg for mindre næringsutøvarar.

Ei samanlikning med skatteforvaltningsretten er relevant. Tilleggskatt blir rekna som straff, og det er slik at tilleggsskatt ikkje kan drivast inn før klagefristen er ute eller tilleggsskatten er rettskraftig avgjort, jf. lov om skatteforvaltning § 14-10. «(1) Vedtak om tilleggsskatt og overtredelsesgebyr skal ikke iverksettes før klagefristen er ute eller klagen er avgjort.

(2) Dersom skattepliktig eller tredjepart akter å prøve vedtakets gyldighet for domstolene, skal vedtaket etter anmodning ikke iverksettes før etter utløpet av søksmålsfristen eller endelig rettsavgjørelse foreligger.»

Det same bør minimum gjelde for pønale krav tufta i havressurslova. EMK reknar lovbrotsgebyr som pønale krav, og lovbrotsgebyr bør såleis ikkje kunne tvangsinndrivast før søksmålsfristen er ute, eller endeleg rettsavgjer er fatta.

Det er sjølvsagt ein føremon at mindre ulovlege tilhøve ikkje blir kriminalisert, men det forutset at det faktisk har skjedd ulovlege tilhøve. Når tilhøve må meldast til Politiet er det påtalemakta som må ta saka til retten. Dersom forvaltninga vil ilegga lovbrotsgebyr er det næringsutøvaren som eventuelt må ta saka for retten. Dette er ei belastning, og ofte vil næringsutøvarar ikkje ha høve til å bruka tid og ressursar på krav dei er usamde i. Det kan heller ikkje utelukkast at forvaltninga tek feil. Det bør difor vera slik at dersom næringsutøvaren ikkje vedtek tilhøvet, så må forvaltninga har søksmålsbyrda.

Når det gjeld forslaget om at forvaltninga skal kunne fastsetja lovbrotsgebyr ved proforma avtalar meiner Pelagisk Forening at i så fall må myndigheitene ha bevisbyrda for at avtalar er proforma. Noko anna vil vera at næringsutøvarar må dokumentera sin uskyld.

Når det gjeld forslaget om å unnta lovbrotsgebyr for utlendingar er Pelagisk Forening usamd i forslaget. Pelagisk Forening ser at gebyr kan vera vanskelegare å inndriva frå utlendingar, men staten bør likevel ha heimelen for å nytta same verkemiddel mot utlendingar som mot nordmenn. Noko anna er å diskriminera norske borgarar. For utlendingar frå nordiske land er det òg, etter kva me forstår, mogeleg å tvangsinndriva krav ved hjelp av ein nordisk avtale.


Link her til høyringen.