Høringssvar- RTC

Følgende høringssvar er send inn ang RTC, real time closure, i Nordsjøen og Skagerrak.

Pelagisk Forening viser til høyringsbrev av 6.5.20.

Styret i Pelagisk Forening er uroa for tilstanden til torskebestanden i Nordsjøen og Skagerrak. Pelagisk Forening ønsker ikkje fiske på yngel/ fisk under minstemål. Pelagisk Forening støttar difor forslaga.

Pelagisk Forening meiner ein bør forsøka å unngå at omsynet til torsken får negative verknadar for andre fiskeri, der det ikkje er noko stort problem med innblanding av torsk.

Pelagisk Forening oppmodar Fiskeridirektoratet til å vurdera om det er tilstrekkeleg med stenging i 14 dagar, før automatisk opning av stengte område.

Pelagisk Forening har ikkje innvendingar mot stenging lengre enn 14 dagar dersom det er biologisk naudsynt. Stenging bør likevel ikkje vara lengre enn naudsynt, og det er viktig at stenging ikkje får negative verknadar for fiskeri der det ikkje er problem med uønska innblanding. Eit alternativ kan vera å innføra dei strengare lukkingskriteria i år, og eventuelt auka stengingstida til tre veker neste år, dersom det viser seg at 14 dagar er for kort tid. Lovgjevingsteknisk bør det kunne la seg gjera utan ny høyring.

Dersom direktoratet held fast på stenging i tre veker, ber Pelagisk Forening om at myndigheitene tillét prøvefiske etter to veker. Myndigheitene kan då vurdera om det er grunnlag for opning av område.

Til sist vil me oppmoda direktoratet til å nytta eit norsk uttrykk for «Real time closures».