Høyringssvar- endring av forskrift om forbod mot fangst av snøkrabbe

Pelagisk Forening sitt høyringssvar- Forslag til endring av forskrift om forbod mot fangst av snøkrabbe

Pelagisk Forening har medlemsfartøy som fiskar snøkrabbe.

Snøkrabbe er ein ny art i norske farvatn, og snøkrabbefiskeri er eit relativt nytt fiskeri. Pelagisk Forening meiner det er naudsynt med meir forsking òg på snøkrabbe, og synest det er positivt at Havforskingsinstituttet planlegg eit eige snøkrabbetokt i 2018.

Pelagisk Forening er einig i at fisket bør stengast i perioden snøkrabben skiftar skal.

Den perioden som blir foreslått stemmer ikkje helt med perioden ein av våre medlemmar har erfart. Reiarlaget opplyser at i 2017 avslutta dei fisket i byrjinga av juni. Då var det ikkje innblanding av blautkrabbe på feltet nord av Sentralbanken, som er feltet med størst aktivitet. På feltet sør av sentralbanken var det ca. 10 % innblanding i teinene som stod lengst sør, der det er djupast.

Kanskje er stenging i juli, august og september betre? Det synest å vera behov for meir kunnskap om når det er blautkrabbe. Det synest òg å vera geografiske skilnadar. Regelverket bør ta omsyn til dette.

I høyringsbrevet er det foreslått stenging i juni, og stenginga er òg grunngjevemed at «En stengningsperiode i juni vil også være viktig av hensyn til et opprenskingstokt etter gjenstående teiner som Fiskeridirektoratet vil gjennomføre i 2018.» Pelagisk Forening meiner sjølvsagt at det er positivt at Fiskeridirektoratet gjennomfører oppreinskingstokt, men vil gje uttrykk for at prinsipielt må slike tokt tilpassast fiskeria, og ikkje omvendt.

Pelagisk Forening er sjølvsagst stort tilhengar av at styresmaktene gjer oppreinsingstokt, men meiner det er ei betre løysing at det bør vera mogeleg å stenga mindre område om gongen.

Det bør setjast av eit eller fleire område der fiskarane kan lagra teiner i sjøen. Dette fordi bruket er svært plasskrevjande, og fordi fisket skjer langt frå land. Lagring bør berre skje i område som ikkje er nytta til anna fiskeri.

Pelagisk Forening støttar eit tak på talet på teiner, og meiner at 8 000 teiner er høveleg. Det bør ikkje innførast krav om at båtane har kapasitet til å ta med seg alle teinene på kvar tur. Det må vere skipper si avgjer kor mykje han vil ta som dekkslast. Dette ut i frå vêrtilhøve og fare for ising.

Pelagisk Forening meiner òg at det bør stillast krav til røkting, av teinene. To veker kan verai kortaste laget, når båtane skal gå den lange distansar frå og til land, lossa, og gjerne gjera litt vedlikehald når båtane er til land. Det bør minimum vera tre veker mellom kvar gong fiskarane pliktar å røkta teinene.

Det må òg takast omsyn til at istilhøve eller dårleg vêr kan òg føra til at det tek lengre tid. Regelverket bør ikkje vera slik at fiskarane blir kriminalisert, sjølv om dei gjer sitt beste for å etterleva krava i regelverket.

Det er foreslått å innføra krav om at kvart fartøy skal røkta sine eigne teiner. Dersom dette kravet blir innført, må det gjerast unntak, frå røktingskravet, ved motorhavari ol. Dersom det ikkje blir gjeve unntak ved motorhavari ol, vil fiskarane kunne få straffereaksjonar. Enten for manglande røkting, eller for å be andre båtar røkta teinene deira. Ved ikkje planlagde driftssans må det difor vera lov å få andre fartøy til å røkta teinene.

I dag må fartøya melda frå ei veka før fartøy startar snøkrabbefiske. Dette er langt tid i førevegen, og kravet kan med fordel reduserast.