Publisert: 5. okt. 2017

Oljeboring på Vikingbanken

Miljødepartementet har gjeve Statoil løyve til å bora etter olja på Vikingbanken.

Vikingbanken er eit spesielt sårbart område, og gyte- og oppvekstområde for m.a. tobis.

Vikingbanken er òg eit viktig område for fiske etter kvitfisk.

Pelagisk Forening har klaga på vedtaket, og m.a. krevd at boring ikkje skal skje før klagen er handsama.

Du kan lesa klagen under:

Me viser til løyve, om boring av avgrensingsbrønn 30/8-5 Tune Statfjord (2016/7429). Løyvet gjeld utslepp til sjø og luft.

Miljødirektoratet har gjeve løyve til boring i eit SVO-område for tobis. Pelagisk Forening har medlemmar som fiskar tobis. Pelagisk Forening har såleis rettsleg klageinteresse.

Pelagisk Forening vil med dette klaga på løyvet, Statoil har fått til å bora i dette området.

Som kjent er Vikingbanken eit svært viktig gyte og oppvekstfelt for tobis, og er klassifisert som eit såkalla SVO-området i iht Meld St 37 (2012-2013) «Helhetlig forvaltning av det marine miljø i Nordsjøen og Skagerrak (forvaltningsplan)».

Etter råd frå Havforskingsinstituttet har det vore forbode å fiska tobis i dette feltet sidan 2009. Dette fordi tobis er ein særleg sårbar art, og fordi det er eit langvarig og sterkt ønskje om å bygga opp att bestanden på dette feltet. Tobis ein svært stasjonær art, og såleis ekstra sårbar for oljeaktivitet og giftutslepp. Tobis er òg veldig viktig mat for andre fiskeslag, sjøpattedyr og sjøfuglar. T.d. den raudlista lundefuglen. Naturvernmangfaldslova § 9, føre var-prinsippet, talar òg sterkt for at løyvet blir trekt att.

I tillegg er dette det einaste området i Nordsjøen nord for 58 30 (engelsk Klondyke) som har gode botn- og dybdetilhøve for gyting og oppvekst for Tobis.

Det er planlagt at boreinstallasjonen skal ankrast opp, og oppankringa vil truleg føra til øydelegging av botn. Tobisen tilbringar deler av livet nedgrave i sand, og er avhengig av gode botntilhøve for å leva.

Boring, og utslepp, på dette feltet kan vera biologisk dramatisk, både på kort og lang sikt. Føre var prinsippet talar såleis sterkt for at boring ikkje bør skje og de faglede råda frå Havfoskningsinstuttet er heilt klare. Her bør ikkje forkomme oljeboring.

Vikingbanken er òg eit viktig felt for fiske etter kvitfisk, og det er ikkje restriksjon på fiske av kvitfisk. Utslepp er såleis òg negativt for andre fiskeri enn berre tobisfiske.

Vikingbanken er ikkje stort. Ein oljeinstallasjon, med sikkerheitssona, vil kunne føra til at feltet blir beslaglagt av oljenæringa. Den viktige fiskerinæringa vil mista eit svært viktig fiskefelt.

Dette vil føra til betydelege økonomiske tap for reiarlaga som fiskar kvitfisk i området.

Miljødirektoratet skriv at «Statoil estimerer en vektet utblåsningsrate for Tune Statfjord til 200 m3/d i maksimalt 70 døgn. Ved en langvarig utblåsning planlegger Statoil med overvåking og fjernmåling av utslippet som primære tiltak. Statoil vurderer levetiden på sjø som kort og mener at verken mekanisk eller kjemisk bekjempelse vil være effektive tiltak

Når søkar sjølv skriv at det ikkje er effektive tiltak mot forureining ved ei eventuell utblåsing, bør boring ikkje skje.

Når eit område er definert som SVO-område krev Pelagisk Forening at det ikkje blir tillat å bora etter olje i området, og i nærliggande område.

Pelagisk Forening ber om at løyvet blir trekt attende.

I tillegg har ei samla fiskerinæring, miljøvernorganisasjonar, Havforskingsinstituttet og Fiskeridirektoratet har uttalt seg negativt under høyringa. Det må òg påreknast at dei fleste instansar klagar på løyvet.

Pelagisk Forening krev difor at klagen får oppsettande verknad.

Link til tidligere høringssvar.