Publisert: 25. sep. 2017

Vi treng fleire gode forskningsprosjekt

Fiskeri-Norge treng meir spenstig forsking for å få utløyst potensialet frå havet. Derfor utlyser Fiskeridirektoratet tilskotsmidlar også for 2018 som forskingsinstitusjonar utanom fiskeriforvaltninga kan søke på. Fristen for å søkje tilskotsmidlar frå fiskeriforskninsgavgifta er 1. november.

Kunnskapen om havet er framleis mangelfull og det trengs difor meir forskning for å skaffe fiskeriforvaltninga alle mogelege data og informasjon for å sikre ei bærekraftig framtid for norsk fiskerinæring.

- I utgangspunktet kan alle norske forskingsinstitusjonar utanom Havforskningsinstituttet og Nifes søkje om midlar frå fiskeriforskningsavgifta. I tillegg kan private norskregistrerte aktørar som samarbeider med ein forskningsinstitusjon søke. Kvart år betaler nemleg fiskeflåten inn ei avgift som skal kome næringa og kysten til gode gjennom forsking. Vi handsamar alle søknader, men prosjekt som dekker fiskeriforvaltninga sine kunnskapsbehov vil bli prioritert framfor andre prosjekt, seier fiskeridirektør Liv Holmefjord.

Delfinansiering frå andre er positivt

Eit eventuelt tilskot skal dekke kostnader til bruk av fartøy og eventuelt andre ekstrakostnader knytta til prosjektet.

Delfinansiering frå Norges forskningsråd, Fiskeri- og havbruksnæringens forskningsfond, Innovasjon Norge eller EU vil virke positivt inn på søknaden om tilskot frå fiskeriforskningsavgifta.

Formålet med fiskeriforskningsavgifta er å stimulere til kunnskapsinnhenting slik at den kan bidra til å utløyse potensialet som ligg i havet.

- Norge har fleire gode forskningsmiljøer som kan bidra, men finansiering av prosjekta er ofte ein flaskehals. Det kan forskningsavgiften bidra til å løyse. Eg oppmodar difor alle forskingsinstitusjonar med planar og prosjektidear innafor den marine forskninga til å vurdere å sende oss ein søknad. Men hugs at avgifta kan berre dekke inntil 50 prosent av kostnadene til fartøybruk eller andre ekstrakostnader ved prosjektet, seier Holmefjord.