Publisert: 22. aug. 2017

Pelagisk Forening deltok på Arendalsuka.

Pelagisk Forening deltok på Arendalsuka.

Arendalsuka er ei årleg samling for å diskutera politikk, og det møter mange politikarar, organisasjonar, verksemder og privatpersonar. Statsministeren, stortingspresidenten, partileiarane og mange andre rikspolitikarar var til stades under Arendalsuka. I år vart det halde ca. 800 arrangement. Alle arrangement og debattar er gratis, og opne for alle. www.arendalsuka.no

Arendalsuka har gått av stabelen i august kvart år i ti år, og blir større år for år.

Pelagisk Forening deltok i år. Dette som første fiskeriorganisasjon.

Medlemsbåten «Brennholm», tilhøyrande Lars Einar Sandtorv, blei segla til Arendal. «Brennholm» er ein av dei største fiskebåtane i landet, og truleg den mest moderne og velhaldne. Båten har òg eit stort nytt konferanserom over styrehuset. «Brennholm» var såleis ideell til å visa fram norsk fiskeri på sitt beste. «Brennholm» ruva godt i hamna, og vekte stor merksemd og interesse.

Det blei halde politisk debatt om bord. Debatten handla om framtida til fiskerinæringa i Noreg, og var av stor interesse for mange. Tema var innovasjon, konkurranseevne lokal eigarskap. Liberaliseringspresset i fiskerinæringa blei debattert. Kapitalsterke aktørar jobbar for storslått liberalisering. Pelagisk Forening meiner liberalisering vil øydelegge for lokalt næringsliv, og innovasjon, langs heile kysten. Det blei òg debattert om fiskeria skal tilhøyra nokre få børsnoterte selskap, eller om Noreg fortsett skal ha eit lokalt, mangfaldig og spedt eigarskap langs heile norskekysten.

Debatten var svært interessant, og konferanserommet over styrehuset var stappfullt. Det same var brua og messa, og det var mange som diverre ikkje fekk delta på debatten.

Det har neppe vore så mange personar samstundes om bord på ein norsk fiskebåt nokon gong.

Sjølvsagt blei det servert sild. Silda blei servert på moderne vis, og fall i smak hjå mange.

Det blei òg halde open båt tysdag, onsdag og fredag. Interessa var så stor, at det var naudsynt med over ti personar samstundes, for å visa Noreg sin mest moderne fiskebåt.

Til saman møtte det eit firsifra tal personar. Det møtte medlemmar av Pelagisk Forening, politikarar, journalistar, havforskarar, organisasjonsfolk, sjøfolk, og folk utan kunnskap om fiskerinæringa. Det krydde av hyggelege og kunnskapssøkande folk om bord på «Brennholm», og me har berre fått positive tilbakemeldingar.

Pelagisk Forening vil takka alle som deltok og/eller hjelpte til med dette arrangementet.

Sist, men ikkje minst, vil me takka mannskapet om bord på «Brennholm», og Norunn og Lars Einar Sandtorv.

Brosjyre om Pelagisk Forening under uken.