Publisert: 13. jun. 2017

Ikkje driftsordning for havfiskeflåten no

Nærings- og fiskeridepartementet har hatt på høyring eit forslag om driftsordning for havfiskeflåten, som hadde frist fredag 9. juni 2017. På bakgrunn av dei høyringsfråsegnene som har kome inn, er det bestemt at det ikkje vert innført ei slik ordning no, skriver NFD

- Forslaget hadde som siktemål å gje fiskeflåten høve til større fleksibilitet. Høyringsfråsegnene syner at det ikkje er særleg etterspurnad etter ei slik ordning. Vi har difor bestemt at dette ikkje vert innført no, seier fiskeriminister Per Sandberg, som legg til at departementet vil kome attende til spørsmålet om kva slags kvote-ordningar vi skal ha, og då også spørsmålet om ei driftsordning som skissert i høyringsbrevet, i samband med oppfølginga av høyringa om framlegga frå Eidesen-utvalets si utgreiing i NOU 2016:26 Et fremtidsrettet kvotesystem.