Publisert: 9. jun. 2017

Høyringssvar- forvaltningsplan for raudåte

Forvaltningsplan for raudåte har vært på høyring.

Pelagisk Forening vil først gje uttrykk for at det er positivt at det er innovasjon, og at folk freistar å skapa næring av uutnytta artar. Samstundes er raudåte mat for mange kommersielt viktige artar, og det er difor viktig at raudåta ikkje blir overfiska. Pelagisk Forening legg til grunn at HI sine råd blir etterlevd i forvaltninga.

I det føljande blir det fortløpande gjort greie for vårt syn på tilhøva Fiskeridirektoratet ber om tilbakemelding på.

Når det gjeld farvatn, ser me ikkje nokon grunn til at fisket ikkje òg skal kunne skje i internasjonale farvatn.

Me meiner at løyve til hausting mellom grunnlinjene og 1000 m djup ikkje bør vera mellombels. Dersom biologiske omsyn talar for at det ikkje bør fiskast i dette området, kan området stengast slik som for anna fiskeri.

Pelagisk Forening har ikkje synspunkt på storleik på maskevidde i dette fiskeriet.

Når det gjeld tildeling av løyve meiner me at dei best kvalifiserte bør få løyve. Pelagisk Forening er generelt negativ til loddtrekning, men ser ikkje gode alternativ dersom søkarane er like godt kvalifiserte.

Ingen grupper bør ha førsterett på løyve. Heller ikkje i visse område. Tauing av finmaska trål krev stor motorkraft, og det talar mot at kystfartøy skal ha førsterett på løyve.

Pelagisk Forening støttar at passive løyve kan inndragast etter tre år.

Pelagisk Forening er einig i at tråling etter raudåte bør vera ein tilleggsaktivitet til anna fiskeri, og meiner at fisket bør vera for dei som oppfyller krava i deltakarlova.

Dersom ikkje tilstrekkeleg mange aktive fiskarar søker, bør andre få prøva seg. Me støttar difor forslaget om at det kan gjerast unntak frå deltakerlova sitt aktivitetskrav for person/selskap som skal drive tråling etter raudåte og at raudåteløyve kan vera tilstrekkeleg driftsgrunnlag for registrering i merkeregisteret.

Pelagisk Forening forstår at det kan stillast krav om inspektør om bord, men vil gjera merksam på at kravet kan ekskludera mindre farty som ikkje har ekstra lugarar om bord.

Direktoratet skriv at «Rederiene må ta hensyn til dette (inspektørkravet) i sin planlegging av turene.» Reiarlaga må tilpassa fiskeriet etter vær, årstid og andre fiskeri, og kan difor ikkje tilpassa fiskeri etter når det passar for inspektør å vera med på turane.