Publisert: 24. apr. 2017

Vellykka årsmøte i Pelagisk Forening

Fiskeriminister Per Sandberg deltok på Pelagisk Forening sitt årsmøte. Som alltid var Sandberg kunnskapsrik og engasjert. Han haldt eit godt innlegg om regjeringa si fiskeripoliktikk.

Havforskar Aril Slotte haldt, på vegne av direktør Sissel Rogne som måtte melda forfall på kort varsel, eit innlegg om Havforskingsinstituttet sin strategi for pelagisk ressursforsking.

Professor Frank Aarebrot haldt eit engasjert og godt foredrag om «Forsking som maktmiddel i politiske spørsmål.» Han tala om ulike typar forsking, og korleis forsking kan bli brukt og misbrukt. Mellom anna framheva han at det er viktig at forskarane ikkje er avhengige av nokon oppdragsgjevar, og at det er viktig at forskarane gjer det dei kan for å motbevisa sine eigne teoriar.

Oli Samro, frå Farec International, haldt innlegg om struktur i Nord-Atlanteren, der han m.a. fortalte om årsakene og konsekvensane av struktur i våre naboland. Island Færøyane og Danmark har tatt struktureringa heilt ut, og kunnskap om desse landa si erfaring er nyttig i den norske strukturdebatten.

Helene Jamson Skrede presenterte sin juridiske masteroppgåva «Straffansvar for feil rapportering av fangst». I oppgåva konkluderer Skrede med at straffesystemet bør gåast gjennom. Skyldkravet bør harmoniserast med skyldkravet i akvakulturlova, ogaukast til grov aktløyse.

Engasjerte deltakarar kom med gode spørsmål og gode kommentarar til innlegga.

Pelagisk Forening takkar foredragshaldarane og deltakarane for gode innlegg!

Det blei òg halde val, og Jonny Lokøy blei attvald som styreleiar.

Foredrag, vedtak, valg, protokoll og årsrapport ligger på denne linken.

Link til styret og representantskap finner du her.