Publisert: 26. nov. 2020

Høringssvar til reguleringsmøte- torsk

SAK 8/2020

REGULERING AV FISKET ETTER TORSK I 2021

Pelagisk Forening viser til reguleringsdokumentet.

Pelagisk Forening er glade for at ressurssituasjonen er god for torskebestanden, og at kvoten på nordaustarktisk torsk aukar med 20 % i høve til i år.

Som kjent har Stortinget vedteke å fjerne trålstigen i forbindelse med handsaminga av kvotemeldinga. Ny kvotefordeling er fast med 32 % til trål og 68 % til fartøy som fisker med konvensjonelle reiskap. Pelagisk Forening har ikkje innvendingar mot fordelinga.

Fiskeridirektøren foreslår, i tråd med tinging frå Nærings- og fiskeridepartementet, å

avsette 24 335 tonn til open gruppe. Avsetninga utgjer 6,12 % av norsk totalkvote, og det

blir lagt til grunn at open gruppe skal ha ein fast del av norsk totalkvote før fordeling mellom trål og fartøy som fisker med konvensjonelle reiskap.

Direktoratet har bede om forslag til «kompenserende tiltak» i samband med overgang frå trålstigen til fast prosentfordeling mellom gruppene. Pelagisk Forening synest at når målet er forenkling er det naturlege å ha ei fast prosentfordeling. Eventuelle «kompenserende tiltak» kan difor vera anna enn ei anna prosentfordeling. Eventuelle andre «kompenserende tiltak» vil kunne føra ein tilbake til dynamiske fordelingsnøklar.

Fiskeridirektøren tilrår å vidareføre ordninga med kvotefleksibilitet på gruppenivå òg i 2021. Pelagisk Forening er einig i dette, men ber om at det blir innført kvotefleks på fartøynivå så snart som mogeleg. Dette er noko næringa har bede om i fleire år. Dersom manglar ved kvoteregisteret gjer kvotefleks på fartøynivå umogeleg, slik det er nemnt på fleire reguleringsmøte tidlegare år, ber Pelagisk Forening om at direktoratet snarast syt for at for at registeret blir tilstrekkeleg forbetra.

Fiskeridirektøren har bede om synspunkt på fleire spørsmål.

Pelagisk Forening meiner at lengdegrensa for fartøy som fisker torsk innanfor fjordlinjene ikkje bør reduserast. Prinsipielt er ikkje generelle forbod basert på storleik rett reguleringsmåte.

Pelagisk Forening ser at det kan vera ein god måte å verna om kysttorsken ved å stenga gyte- og oppvekstområde der kysttorsk dominerer. Eventuell stenging kan skje etter konkrete vurderingar i det enkelte høve. Det er òg viktig å vega stenging opp mot eventuelle skadeverknadar for andre fiskeri. Det må òg leggast til grunn at gjeldande bifangstreglar, i andre fiskeri, blir etterlevd. Der bifangst blir trekt frå fartøya sine kvotar er bifangst òg innafor gjeldande regelverk.

Eventuelt må stenging skje i periodar, og på stadar, der all erfaring tilseier at det er mykje kysttorsk.

Pelagisk Forening er sterkt imot å forby fartøy på eller over 21 meter største lengde å fiska innanfor grunnlinjene. Det er viktig å ha ein differensiert flåte, der det blir tatt omsyn til alle fiskarar. Dette uavhengig av båtlengda.

Pelagisk Forening meiner at ein sjølvsagt må ta omsyn til vern av kysttorsk, om det er slik at kysttorsken er truga. Eventuelt vern bør gjerast ved å unngå å fiska på kysttorsk. Når det er stor fare for fiske av kysttorsk kan område stengast. Generell stenging basert på båtlengda er ikkje ønskeleg.

Omsynet til vern av kysttorsk bør heller ikkje gjera fiske etter andre artar vanskelegare enn strengt naudsynt. Fiske etter andre fiskeslag enn torsk er òg viktig for fiskarar, mottak og aktivitet langs kysten. Det er difor viktig at eventuelle tiltak òg tek omsyn til andre fiskeri

Når det gjeld forslaget om eit «alderstillegg» (ungdomstillegg hadde kanskje vore eit meir dekkande ord) for yngre fiskarar i open gruppe på eit kvotetillegget på tre tonn per fartøyeigar på eller under 30 år er Pelagisk Forening einig i at dette kvantumet må takast frå open gruppa.

Pelagisk Forening forstår det slik at «alderstillegget» i vesentleg grad «spis opp» kvoteauken på 20 %. Dvs. at fiskarane over 30 år og i open gruppa vil få fiska vesentleg mindre torsk neste år enn kva 20 % auke av tac skulle tilsei.

Pelagisk Forening vil peika på at dette kan bli dramatisk i år der tac går ned. Dersom «alderstillegget» blir vedteke må det vera under klar føresetnad om at kvantumet ikkje blir tatt frå andre grupper i år der totalkvoten går ned. Dette av omsyn til stabilitet i andre grupper.

«Avsetningn til kystfiskeordningen økes til 3 579 tonn, og avsetningen knyttes nå opp til en fast andel av norsk totalkvote. Andelen utgjør 0,90 % av norsk totalkvote.» Pelagisk Forening er generelt imot slike særordningar.

Fiskeridirektøren foreslår òg å avsette 4 927 tonn til alt etablerte rekrutteringskvotar i lukka gruppe. Pelagisk Forening har forståing for at dei som alt har fått rekrutteringskvote må få vidareført denne. Dette av omsyn til stabilitet. Etter kva Pelagisk Forening forstår skal ei ny ordning fasast inn frå 2022. Det blir lagt til grunn at det ikkje blir delt ut nye rekrutteringskvotar i lukka gruppei 2021.

Det er opplyst at behovet for avsetning til forskings- og undervisningsformål i 2021 er ikkje kjent, og at kvantum blir endeleg fastsett rett før årsskiftet. Pelagisk Forening ser at direktoratet ikkje kan gjera noko med dette for 2021, men ber direktoratet om å at det for seinare år blir satt ein søknadsfrist slik at desse kvanta er klare før utsending av høyringsmateriell.

Når det gjeld spørsmål av om «hvorvidt kystfiskeordningen skal omfattes av kvotefleksibilitet på gruppenivå fra og med 2021» ønsker Pelagisk Forening primært fleks på fartøynivå. Der det ikkje er mogeleg pga. manglar ved kvoteregister har Pelagisk Forening ikkje innvendingar til kvotefleks på gruppenivå.

Pelagisk Forening har ikkje innvendingar mot at «åpen gruppe fremdeles skal omfattes av kvotefleksibilitet på gruppenivå fra og med 2021»

Fiskeridirektøren foreslår at kvantum fiska fisk ut over fartøygruppa si gruppekvote skal gå til fratrekk på fartøygruppens gruppekvote det påfølgende år. Pelagisk Forening er einig i forslaget.

Pelagisk Foreining er òg einige i forslaget om at «Dersom overfisket skyldes Fiskeridirektoratets refordeling av kvoter mellom fartøygrupper for å legge til rette for at norsk totalkvote kan tas, skal belastningen av gruppekvoten det påfølgende kvoteåret ikke overstige 10 % av den gruppekvoten som er overfisket.»

Pelagisk Forening er òg einige i forslaget om at «fartøygruppene kan overføre inntil 10 % av gruppekvoten til det påfølgende år. Dersom det gjenstår mer enn 10 % av en fartøygruppes kvote, skal den overskytende kvoten refordeles til alle fartøygrupper etter etablerte fordelingsnøkler det påfølgende år.»

Til sist vil Pelagisk Forening stilla spørsmål ved om kysttorsken er lika truga i alle område nord for 62 grader nord? Eventuelle tiltak bør vera avgrensa til der kysttorsken faktisk er truga. Dette gjeld spesielt dersom det blir innført generelle forbod basert på lengda på båtane.


Andre hørigssvar kan du lese her.