Publisert: 16. apr. 2018

Advokat på fisketur

Eg mønstra på i Hammerfest, og mannskapet forvissa seg om at eg ikkje hadde med korkje ryggsekk eller paraply. Sikkerheitsutstyr blei demonstrert, og eg fekk klar melding om å føla meg som heima

Formidlingsglede

Skipper og mannskap var så gjestfrie det går an å vera, og eg blei tatt i mot på beste vis! Mange takk til reiarlag og mannskap på «Slettholmen».

Dei svarte tolmodig på alle spørsmåla mine, og det virka som om dei var oppriktig interes-serte i å formidla yrket sitt. Denne formidlingsgleda opplever eg ofte, når eg spør fiskarar om fiskeri.

Kva lærte eg såleis på ein slik tur? Eg fekk innblikk i korleis fiskarane leitar etter fisk, kor-leis fiske med snurrevad skjer, korleis fangsten blir tatt om bord, og korleis fisken blir ført på land. Eg fekk innblikk i føring av fangstdagbok, og utferding av sluttsetel. Formannen på mottaket i Tufjord viste meg òg rundt på mottaket, og eg fekk auga opp for at det stilles store krav til logistikk, for å driva eit fiskemottak.

MED BLOD PÅ HENDENE: Advokat Ask Økland i Pelagisk forening i fabrikken, om bord på «Slettholmen».

Skapar arbeidsplassar

På skip blir det ikkje halde møter før avgjerer blir tatt, men det var fascinerande  å sjå kor samkjørte mannskapet er, og korleis arbeidet blir gjort med eit minimum av ord. Eg trur det er fordi fiskarane er så dedikerte i yrket sitt. Fiskaryrket er ikkje «berre ein jobb», slik mange landkrabbar har det, men ein livsstil.

Det blir sagt at kvar fiskar skapar fire-fem arbeidsplassar på land, og arbeidsplassane på land blir berre fleire og fleire. Dette er arbeidsplassar i alt frå fiskemottak, leverandørindustri, orga-nisasjonar, Fiskeridirektorat, Politiet med fleire.

Det er ca. 10 000 fiskarar på blad B, og såleis 40-50 000 i fiskerirelaterte jobbar på land.

Kva kan så desse titusenvis av folk om sjø og fiskeri? Det er sjølvsagt varierande, men mange fiskarar vil nok sei «for lite».

SNURRVAD: Advokat Ask Økland fekk seg nokre lærerike dagar om bord på «Slettholmen».

Meir enn gjennomsnittleg interessert

Sjølv jobbar eg som advokat i Pelagisk Forening, og jobbar dagleg med juridiske problem-stillingar knytt til drift av fiskefartøy. Det er alt frå fiskerireguleringar, kontraktar ved kjøp av bruk, tariffspørsmål, erstatningskrav, og straffesaker for påstått brot på fiskerilovgjeving m. m.

Eg er meir enn gjennomsnittleg maritimt interessert. Eg kjøpte min første båt då eg var ten-åring, har dykka aktivt i over 25 år, har budd eit par år i seglbåt, og har segla frå Sør-Spania til nordsida av Svalbard. Eg har òg lest nokre hyllemeter med maritim litteratur. Som fiskeriadvokat er det lovar og reglar ein jobbar med, men dagleg opplever eg at det er nyttig å ha kunnskap om båtar og fiskeri. Slik kunnskap får ein best ved å vera om bord, og ikkje bak eit skrivebord.

Mange trur at juridiske tvistar blir avgjort av spissfindig juss av skarpskodde advokatar. Som oftast er det ikkje slik. God kjennskap til faktum, og å kunne skilja ut det viktige, og presentera det på ein forståeleg måte er vel så viktig. Enten ein jobbar i byråkratiet eller i det private, er det altså særs nytting med god kunnskap om korleis fiskeri faktisk skjer. Kunnskapen bør ikkje berre vera om korleis fiskarane får fisken om bord, men òg om fangstdagbokføring, fangstestimering m.m.

VIKTIG KUNNSKAP: Det hjelper å kjenna til korleis fisket føregår, for dei som jobbar med fiskerirelaterte saker på land. 


Nytteverdi

Som døme kan nemnast ei sak for nokre år sidan. Ein skipper var meldt, til politiet, for å ha registert for liten fangst. For å kunne dømmast måtte skipper ha vore «aktlaus». Etter at politiadvokaten blei forklart korleis fangstestimering faktisk skjer, og kor mange usikkerheitsfaktorar det faktisk er, uttalte politiadvokaten at dette var nytt for henne, at skipperen ikkje hadde vore «aktlaus», og la bort saka. Forståing av korleis fangstestimering faktisk skjer var heilt avgjerande for at eg som advokat kunne gjera ein god jobb, og få fiskaren «av kroken».

Nytteverdien av turen var altså stor. «Frynsegodet» var ein fin tur, og bagen full av filetert heimfarfisk. No trur eg at eg veit korleis utanlandske fisketuristar føler seg på heimveg.

Det er kanskje ikkje alle som er så heldige å bli invitert med på slike turar, men viser ein initiativ og interesse, er eg viss på at det ikkje er fiskarane det står på!

For landkrabbar i fiskerinæringa er det stor nytteverdi å vera med på fiskebåtar. Nytteverdi-en er kanskje størst for dei som meiner dei ikkje treng ein tur på havet.